Fagorganisering funkar

Det er viktig at tillitsvalde og leiarar framhevar samfunnsnytten av høg organisasjonsgrad, meiner Unio-leiar Ragnhild Lied. Foto: Terje Heiestad
LO kastar seg endå ein gong inn i konkurransen om grupper med høg utdanning og høg organisasjonsgrad. Kapitalisten blant fagorganisasjonane løyver 35 millionar, for mellom anna å rekruttere på Unio sine yrkesområde. Konkurranse må ein tole. Men fleire fagorganiserte blir det neppe av dette.
Publisert: 20. september 2019
Av Unio-leiar Ragnhild Lied
Organisasjonsgraden er høg for yrkesgrupper med lang utdanning. Unio sine medlemsforbund er dominerande på sine område. Mange melder seg inn i «sitt» forbund allereie i studietida.
Likevel er det ei kjensgjerning at den samla organisasjonsgraden i Norge er fallande. Færre enn halvparten av dei yrkesaktive er no med i ein fagorganisasjon. Dette er ei ulempe, først og fremst for arbeidstakarane. Men også samfunnet taper, viss arbeidstakarstemma blir svakare.
Difor har hovudorganisasjonane gått inn i eit samarbeid, der målet er å finne fellestiltak som får fleire til å organisere seg. I tillegg er det sett i gang eit trepartsprosjekt i regi av Arbeids- og sosialdepartementet, med same formål.
Midt i dette ser vi at intern konkurranse mellom organisasjonane, fronta av LO, kan bli ein hemsko.
Det hadde vore betre å sette inn ressursar mot område der fagorganiseringa er svak. I særleg grad gjeld dette i servicesektoren og ein del andre tenesteytande næringar i privat sektor. Her har også Unio ein jobb å gjere. Det finst mange med høgre utdanning på desse områda som ikkje er organiserte, ofte fordi dei ikkje finn det «rette» forbundet. Og ofte fordi dei ikkje ønsker å vere ein del av LO, med deira tilknyting til Arbeidarpartiet.
Det er mange grunnar til at folk fagorganiserer seg. Mykje kan oppsummerast i slagordet «sterkare saman». Det er gyldig både når det gjeld individuelle forsikringar, hotelltilbod – og felles kamp for rettar og tariffavtalar.
Men det er også viktig at vi som er tillitsvalde og leiarar framhevar samfunnsnytten av høg organisasjonsgrad. Som fagorganiserte skal vi påverke samfunnsutviklinga, både heime og ute.
Kva gjer vi så med dei uorganiserte? Vi kan sjølvsagt irritere oss over gratispassasjerane, som får del i framforhandla rettar utan å «betale». I offentleg sektor er alle tilsette dekte av tariffavtalane, også dei uorganiserte. Det beste vi kan gjere er å overtyde dei om at fellesskap funkar. Og å treffe ungdom på deira heimebane.
Det handlar om språk, behov og forventningar. Det er kanskje ikkje opplagt at ungdom oppflaska med sosiale medium identifiserer seg med det same synet på det individuelle og det kollektive som pregar det tradisjonelle fagforeiningsspråket?
Av og til snakkar vi lett nedlatande om «individualistar». La oss heller legge oss på minne det langrennsløparen Astrid Uhrenholt Jacobsen ein gong sa om Marit Bjørgen: «Du må ikke være egoistisk for å være individualist».
Betre lagspelar enn Marit Bjørgen skal ein leite lenge etter. Ho kombinerte vinnarvilje med å vise at fellesskap – fagorganisering – funkar.