Fagorganisering – bra for individ og samfunn

Det er mange og gode grunnar til å vere fagorganisert. Fagorganisering gir individuelle fordelar, men også kollektive og samfunnsmessige gevinstar.
Publisert: 20. september 2019
Til og med marknadsliberale institusjonar som OECD, Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) er urolege for fallande organisasjonsgrad.
Dei ser at svak fagorganisering aukar faren for større skilnader mellom folk, og fryktar at produktiviteten i arbeidslivet blir svekt.
I denne utgåva av Unio Perspektiv ser vi nærare på ulike grunnar for fagorganisering, ikkje minst på fagorganisering som samfunnsstrategi.
Trass i at fagorganisering gir ei rekkje fordelar for individ og samfunn, presterer dagens regjering å «anerkjenne at mange arbeidstakere velger å være uorganisert». Og det skjer i det organisasjonsgraden i Noreg har falle til under 50 prosent av arbeidsstyrken. Stortingsfleirtalet har difor pålagt regjeringa å vurdere mottiltak, og i Arbeids- og sosialdepartementet er det no oppretta ei arbeidsgruppe, der staten, arbeidstakarar og arbeidsgjevarar skal drøfte og foreslå tiltak for å styrke organisasjonsgraden.
Fagorganisering kan vere ein individuell strategi: Den fagorganiserte skaffar seg tryggleik, og får hjelp, gjerne overfor arbeidsgjevar, viss problem og konfliktar står på. Dessutan kan fagorganisasjonen forhandle fram ei rekkje gode tilbod – t.d. kollektive forsikringar og andre avtalar – til rimelegare prisar. Fagorganisering gir også eit fagleg fellesskap, med kopling mellom utdanning og yrke. Dette er eit kjenneteikn på mange av Unio-forbunda.
Men ikkje minst er fagorganisering ein samfunnsstrategi: Ein strategi for makt, og for å påverke samfunnsutviklinga. I Noreg skjer dette mellom anna gjennom trepartssamarbeidet mellom staten og hovudorganisasjonane på arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida.