Datateknologien – ein prøvestein og ei profesjonsutfordring

Eit tema som manglar i dei 17 berekraftsmåla, og som FN framhevar i tilknyting til Agenda 2030, er «informasjonsteknologien». Det trengst ei kopling mellom den nye teknologien og berekraftsmåla. Samspel mellom profesjonsgrupper er ein nøkkel.
Publisert: 24. februar 2020
Av Tor Halvorsen, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Fafo-forskar, æresprofessor ved University of the Western Cape
Eigarskap til data, kunstig intelligens, logaritmar og store datamengder vil prege oss alle, og difor iverksettinga av berekraftsmåla. Dette handlar også om den private annekteringa av det globale, offentlege fellesskapet – om overvaking, og enorme, ulikskapskapande effektar, som monopoleigarskap og ulik tilgang. Ikkje minst handlar dette om endringane i arbeidslivet. Men samstundes blir det påstått at denne teknologien er løysinga; dei ressurssvake vil få betre tilgang til helseinformasjon, bu i smarte byar, få betre utdanning, og tilgang til innovative energiformer og informasjon om ver og vind, om prisar og utrasa vegar, og – ikkje minst – blodplasma levert av dronar, for å nemne noko.
På den eine sida har vi «ny teknologi» – på den andre sida har vi berekraftsmåla. Det som manglar er linken mellom desse. Om den ikkje blir etablert, vil det transformative skiftet skje på premissane til plastikk, databrikker og energi (roboten), ikkje basert på FN-ideen om at ingen skal bli etterlatt i utviklingsløypa.
Vi får stadig nye tal om alle jobbane som vil bli erstatta av t.d. kunstig intelligens. Ufaglært arbeid blir utradert. I det siste har utgreiingane antyda at profesjonane si tid også er forbi. Læringspotensialet og løysingsframlegga til maskinane er betre enn dei profesjonelle sine. Neste nobelpris i medisin går til ei datamaskin, jussfagets råd er alt standisert til maskinspråk.
Desse «angrepa» på etablerte yrkesroller, og på den kunnskapen desse bygger på, er kanskje viktigaste grunnen til at det nettopp er profesjonsorganisasjonane som kan og bør bygge denne forbindelsen mellom datateknologien og berekraftmåla. Logaritmane si evne til å finne ei «teknisk løysing» på spørsmål som blir stilte, er overveldane. Men berekraftsmåla er ein heilskap som ingen logaritmar kan fange.
I møtet mellom profesjonar skjer det kunnskapsutveksling som i liten grad kan kodifiserast. Når vi skal leite etter å forstå konsekvensar av våre handlingar for natur og miljø, eller korleis vi endrar bruken vår av naturen, treng vi ikkje da all den kunnskap som møtet mellom profesjonar med sine ulike erfaringar representerer?
Dette blir det store debattemaet framover: Koplinga mellom «ny teknologi» og 2030-agendaen; ideen om at det sosiale og miljømessige må styre økonomisk utvikling på ein resursansvarleg og likskapsbyggande måte kan ha nytte av ny teknologi, men det skjer ikkje av seg sjølv. I alle fall ikkje slik den teknologien i dag er utvikla, eigd og brukt. Om vi skal endre dette og skape ei god kopling til dei 17 berekraftsmåla, vil i stor grad bli bestemt av samspelet mellom dei ulike profesjonsgruppene, med erfaringar frå velferdsstat, økonomi, teknologi og forvaltning. Dette krev eit samla fokus på kunnskapsmakta i samfunnet.