Berekraftsmåla: Unio viser veg

FN sine berekraftsmål er truleg den mest ambisiøse arbeidsplanen som nokon gong er laga. Medlemslanda i FN er samde om ein plan som innan 2030 skal utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane. 17 mål og 169 delmål skal gjere verda betre og meir rettferdig.

Publisert: 24. februar 2020

Av Unio-leiar Ragnhild Lied

«The plan is nothing, but planning is everything», skal Churchill ha sagt. Alle veit at det ikkje er nok med mål og delmål som er nedfelte i mange og fargerike dokument. Det må arbeid til – målretta og samordna arbeid, globalt, nasjonalt og lokalt. Her kjem fagrørsla inn. Vi finst på alle desse nivåa. I tillegg er arbeidslivet ein sentral arena for berekraftsmåla.

Difor er det naturleg for Unio å engasjere seg både gjennom dei internasjonale organisasjonane våre, og gjennom eige arbeid nasjonalt. Klima, miljø og berekraft er ei av fire prioriteringar i Unios strategiske plan som gjeld fram til 2021.

Heller ikkje for oss er det nok med dokument og vedtak. Som medlemsorganisasjon skal vi engasjere medlemsforbunda og dei tillitsvalde. Som aktør i trepartssamarbeidet skal vi påverke og presse, og vi skal krevje at regjeringa involverer oss i arbeidet for å realisere berekraftsmåla. Som deltakar i den offentlege debatten skal vi utfordre og vise veg. Dette er ambisiøst og krevjande. Men det er også å følgje opp eit av dei sentrale måla for Unio: Å styrke fagrørsla sin innverknad på nasjonal og internasjonal politikk og samfunnsutvikling.

Fleire av berekraftsmåla treffer sentrale arbeidsfelt både for Unio og for medlemsforbunda. Ta til dømes mål nummer åtte, som rettar seg mot inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle. Her har FN i praksis kopiert klassisk fagforeiningsarbeid.

Som den største hovudorganisasjonen for yrkesgrupper med høgre utdanning, tar Unio særskilt ansvar for å fremje den viktige rolla forsking, kunnskap og kompetanse har for heilskapen i berekraftsarbeidet. Både utdanningssektoren og helsesektoren spelar ei overmåte viktig rolle i så måte, både nasjonalt og globalt.

Samstundes skal vi minne om at det ikkje vil vere nok å plukke ut særskilte mål som passar inn i eigen politikk og eige interessefelt. Det er heilskapen som gjeld!

I ein av artiklane i denne utgåva av Unio Perspektiv utfordrar førsteamanuensis Tor Halvorsen oss. Han vil at vi skal bruke kunnskapsmakta i berekraftsarbeidet, og spør korleis lønnskampen kan støtte opp om mål om endring av åtferd. «Kan vi endre forhandlingsarenaen; skolere våre tillitskvinner og – på nytt, og ta eit større fag-etisk ansvar?», spør han.

Dette er vanskelege spørsmål. Men vi kan ikkje vike unna. Berekraftsmåla handlar om langt meir enn klimapolitikk. Men når Unio fekk inn ei klimaformulering i den kommunale hovudavtalen i fjor, illustrerer i alle fall det eit lite steg på vegen mot eit større etisk ansvar.

Det står samstundes fast at Unio skal arbeide for at medlemmene våre får skikkeleg lønn for arbeidet sitt. Det er hovudoppgåva vår i tariffoppgjera.
Men berekraftsmåla forpliktar oss til ein diskusjon om grøn og berekraftig lønnsvekst. Den tar vi. Kanskje blir det som for orienteringsløparar. Dei kan ha ulike syn på vegvalet, sjølv om terrenget er det same, og dei alle vil mot same mål så raskt som råd er.

Eitt er sikkert: Vil ein vere stifinnar, må ein våge å legge i veg.