Berekraftsmåla i kommunar, fylkeskommunar og i KS

Helge Eide jobber som områdedirektør for interessepolitikk i KS. Han var statssekretær i regjeringene Bondevik I og Bondevik II. Foto: Johnny Syversen / KS
På kort tid har dei 17 berekraftsmåla og 169 delmåla frå FN vorte eit felles rammeverk for samfunnsplanlegging i kommunar og fylkeskommunar. Det starta i nokre pionerkommunar, men er no til allmenn inspirasjon og nytte i heile landet. Då KS nyleg samla leiarskapen i Kommune-Noreg til kommunalpolitisk toppmøte og landsting, var arbeidet sektoren gjer og kan gjera vidare for å realisera berekraftsmåla lokalt og regionalt hovudtema for samlingane.
Publisert: 24. februar 2020
Av Helge Eide, områdedirektør interessepolitikk KS
Det er langt frå generalforsamlinga i FN til kvardagen i kommunane. Skal berekraftsmåla ha nokon verdi, må dei få konsekvensar for lokale avgjersler som handlar om økonomi, sosiale høve og miljø. Som kjent er det dei tre hovuddimensjonane i berekraftig samfunnsutvikling. Sidan FN sjølv stadfester at to tredjedelar av dei 169 delmåla føreset lokal og regional innsats, er det avgjerande at måla vert omsett til handling lokalt.
Dette vert uttrykt på ulikt vis omkring i landet. Asker etablerer eit felles ressurs- og kraftsenter for samfunnsinnovasjon, bygd på berekraftsmåla. Bergen kommune har kopla sine retningsliner for prioritert næringsutvikling opp mot måla. Hurdal kommune si satsing på øko-landsbyer og metodikk for å måla framgangen i å nå lokale berekraftsmål er eit døme på at små kommunar kan gå føre.
Og nokre av dei større kommunane og fylkeskommunane tek leiarskap i internasjonale nettverk. Ålesund kommune vert eit utstillingsvindauge for smartby-programmet til FN, gjennom vertskapet for det første laboratoriet for programmet i Nord-Europa. Trondheim kommune etablerer FN-senter for berekraft, kor heile organisasjonen Trondheim kommune utgjer senteret. Viken fylkeskommune er ein av ni regionar frå heile verda som er pilotar for OECD sitt prosjekt om å realisera berekraftsmåla i regional planlegging.
Ein kommune er både ein organisasjon og eit lokalsamfunn. Difor er det openbart at tett involvering av tilsette, både direkte og gjennom tillitsvalde, er ein føresetnad for at berekraftsarbeidet skal verka. Lokal samfunnsutvikling utan systematisk medverknad frå innbyggjarar og organisasjonsliv vert og tilsvarande meiningslaust.
KS stør kommunane og fylkeskommunane i deira arbeid med å planleggja og fylgja opp berekraftsmåla. Som nemnd i innleiinga, var dette hovudoverskrifta for det som må kallast høgdepunktet for KS og Kommune-Noreg i år; kommunalpolitisk toppmøte og Landstinget. Vi startar no eit FOU-prosjekt om utvikling av eit indikatorsett for lokal og regional måling av smart berekraftig utvikling. KS er allereie engasjert i å legga til rette for nettverk mellom kommunar som vil veksla erfaringar og kunnskap om arbeid med lokal berekraftig utvikling. Og saman med våre medlemmer har vi nyleg starta opp eit større program for radikal innovasjon, forankra i berekraftsmåla.