Psykososialt sjukefråvær

Kan høgt sjukefråvær skuldast at vi har forsømt det psykososiale arbeidsmiljøet? Etter alt å døme er svaret ja. Det skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i siste utgåve av Dagens perspektiv.

– Stadig fleire arbeider i tenesteytande næringar. Mange arbeider med og for folk. Risikofaktorane for arbeidshelsa er annleis i desse yrka enn i den klassiske industrien. Likevel er det industrien sine tradisjonar som pregar lovgjeving og forskrifter knytt til arbeidsmiljø og HMS-arbeidet, skriv Lied.

Gevinstar ved godt arbeidsmiljø

I eit intervju med Unio Perspektiv slår forskar Håkon Johannessen i STAMI fast at det er store gevinstar å hente på å betre det psykososiale arbeidsmiljøet. «Mens det er mange og gode standarder og virkemidler for å måle pulthøyder eller luft- og lyskvalitet på arbeidsplassene her i landet, er det mer å gjøre med det psykososiale arbeidsmiljøet. Det er mer komplekst og vanskeligere å jobbe med enn den “tradisjonelle” tilnærmingen til arbeidsmiljøet, som har opphav i målinger av for eksempel støy eller utslipp av skadelig materiale i industrien.»

Samtidig er grunn til å framheve at arbeidsmiljøet på dei fleste norske arbeidsplassar er jamt over godt. Trivselen er høg.

– Men på eitt område har vi altså forsømt oss. Det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet heng etter. Regelverket er for lite konkret, både når det gjeld førebygging og oppfølging. Det rammar mange. Difor må vi ruste opp denne delen av arbeidsmiljøpolitikken, skriv Lied.

Arbeidstilsynet og tillitsreforma

Regjeringa har varsla ei tillitsreform i offentleg sektor. Arbeidet er i startfasen. Forhåpentlegvis vil resultatet også vere positivt for arbeidsmiljøet på offentlege arbeidsplassar. Uavhengig av dette, er det behov for å forsterke arbeidet med å betre det psykososiale og organisatoriske miljøet.

Både arbeidsmiljøet, tilhøyrande forskrifter og HMS-arbeidet må styrkast. Difor er det positivt at Arbeidstilsynet no varslar at dei vil ta initiativ til å trappe opp aktiviteten på dette feltet. Det vil vere bra både for arbeidstakarane, verksemdene og samfunnet, skriv Lied.