Ytringsfridom er ein udiskutabel rett – også for deg som arbeidstakar

«Ytringsfridom skal det vere.

[—]

Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst.»

(Utdrag frå § 100 i Grunnlova)

At folk ytrar seg, gjerne kritisk, er nødvendig for samfunnsdebatten. Ikkje minst er det viktig at fagfolk bruker eigen kunnskap til å ytre seg. Det medverkar til ein opplyst debatt, og kan gi politikarar og andre betre grunnlag for vegval og vedtak.

Publisert: 25. februar 2019

Ytringsfridom handlar om retten til å ytre seg. Men det handlar også om noko meir. Ytringsfridom er ein berebjelke i demokratiet, men er ikkje heilt utan avgrensingar. To forhold er særleg viktige i arbeidslivet: Det eine er teieplikta. Det andre er balansen mot lojalitetsplikta til arbeidsgjevar.

«Ytringsansvar» er eit omgrep vi ofte møter i debatten. Det blir brukt på meir enn ein måte. På den eine sida handlar det om å ta ansvar for å ytre seg, nærast i tydinga «ytringsplikt». På den andre sida blir det brukt som ei åtvaring – «du må ta ansvaret for konsekvensane av å ytre deg». Altså med ein undertone av innskrenking.

Munnkorg og sosiale media

Mykje tyder på at vilkåra for å ytre seg i arbeidslivet har blitt dårlegare med tida, særleg for offentleg tilsette. Uttrykket «munnkorg» finst stadig hyppigare i media. Ulike rapportar underbygger ei negativ utvikling, og peikar på nye styringssystem og mangel på kunnskap om ytringsfridom som sannsynlege årsaker.

Det er fleire trendar i tida. Mange trudde at den eksplosive framveksten av sosiale media ville styrke samfunnsdebatten, auke engasjementet og dermed styrke den demokratiske deltakinga. På somme vis har dette slått til, til dømes gjennom folkeleg engasjement i enkeltsaker. Sosiale media er ein viktig kanal for aksjonsdemokratiet. På den andre sida har sosiale media blitt ein ny kanal for personangrep, trakassering og hat-ytringar. Dette stimulerer ikkje til frie ytringar og debatt. Tvert imot – somme gir uttrykk for at dei held seg unna samfunnsdebatt og demokratisk deltaking for å skjerme seg mot angrep og usaklege kommentarar i sosiale medium.

Dette illustrerer at god folkeskikk bør få ein større plass, både i sosiale media og i ytringsdebatten generelt.

Stillhetsspiralen

At folk trekkjer seg vekk frå debatten, blir gjerne kalla «stillhetsspiralen», etter den tyske statsvitaren Elisabeth Noelle-Neumann, som i 1974 skreiv at «vi tilpasser våre meninger til flertallet i frykt for å bli ekskludert fra det eller komme i konflikt med det».

Med sosiale media har vi også fått falske nyheiter, chatbottar og algoritmar som gjer at vi ikkje alltid kan stole på informasjonen vi får.

– Falske nyheter forvirrer offentligheten og maskinaspektet har blitt mer og mer framtredende. Nå vet vi ikke om vi snakker med en maskin eller et menneske. Både Facebook og Twitter bruker såkalte botter eller en chatbot, seier førsteamanuensis Petter Bae Brandtzæg ved Universitetet i Oslo.

Det er med andre ord fleire «ytre» forhold som kan påverke motivasjonen for å ytre seg i sosiale medium.

Unio meiner at retten til å ytre seg må sikrast, ikkje berre formelt i lovverket, men også i praksis. Dette er viktig både av omsyn til individet og samfunnet. At tilsette ytrar seg, er eit teikn på ein god bedriftskultur. Det er også eit viktig verkemiddel for å sikre gode offentlege tenester.