Vaktbikkje for det frie ordet

Tillitsvalde skal vere vaktbikkjer for det frie ordet, meiner Unio-leiar Ragnhild Lied.
Med god grunn rosar vi oss ofte av at vi lever i eit land der vi kan ytre oss fritt. Og det kan vi. Stort sett. Grunnlova gir dei som ytrar seg solid støtte. Ja, meir enn det, gjennom Grunnlova har våre politikarar oppmoda folk til å ytre seg. Frie ytringar er eit gode for samfunnsdebatten og for demokratiet.
Publisert: 25. februar 2019
Av Unio-leiar Ragnhild Lied
Difor er det grunn til uro når vi ser ei utvikling der ytringsfridomen i arbeidslivet blir stramma inn. Det er neppe store og dramatiske innstrammingar, men likevel klare tendensar. Særleg urovekkjande er det at ytringsvilkåra har blitt dårlegare i offentleg sektor.
Sjølvsagt skal vi vere lojale overfor arbeidsgjevaren og arbeidsplassen. Og teieplikta skal overhaldast. Men derfrå til å lage retningsliner og etablere ein praksis der bodskapen er at ein helst ikkje skal ytre seg kritisk, er å gå over streken. Det er uakseptabelt. Ytringsansvar handlar ikkje først og fremst om å «halde igjen», men å utøve profesjonelt ansvar ved å «seie frå» når det trengst.
Unio har engasjert seg sterkt for å styrke varslingsvernet. På same måte skal vi vere ei vaktbikkje for gode ytringsvilkår. Dette er to sider av same sak, nemleg å «seie frå». Men dei bør ikkje utan vidare blandast saman.
Varslingsinstituttet er forankra i arbeidsmiljølova, ytringsfridomen i Grunnlova.
Forskarar på dette feltet peiker ofte på at ytringsvilkåra i offentleg sektor har blitt dårlegare i kjølvatnet av ei planlagt politisk omlegging av offentleg sektor, med vekt på konkurranse om å vere best og på omdømmebygging. Då blir kritiske ytringar om etaten eller arbeidsplassen gjerne sett på som rusk i maskineriet. Særleg av leiarar og mellomleiarar som blir målt på resultata i denne «konkurransen». Medan leiaridealet før i tida var å vere den fremste blant like, handlar det no i større gard om management og vekt på styring og kontroll.
Ei av dei mest omtala sakene det siste året har vore den såkalla «Malkenes-saka»: Lektor Simon Malkenes har i lang tid kritisert det han meiner er ei sterk marknadstenking i skulepolitikken. I Dagsnytt 18 kritiserte han i sterke ordelag konsekvensane av karakterbasert inntak, såkalla «fritt skuleval», i Oslo-skulen. Dette førte mellom anna til protestar frå elevar, og han blei truga med personalsak. Malkenes fekk stor støtte frå fleire hald, og fekk Fritt Ords Honnør i 2018.
For ofte ser vi døme på at tilsette kjem i klemme mellom ytringar og lojalitet. Dei tillitsvalde har ei viktig rolle i slike situasjonar. Dei skal vere vaktbikkjer som forsvarer medlemmene i slike situasjonar. Både medlemmer og tillitsvalde skal samstundes normalt forsvare eigen arbeidsplass. Men dette må ikkje føre til at ein set retten til å ytre seg til sides. Det vil vere å overprøve det større demokratiske verdien – ytringsfridomen.
Tvert imot, tillitsvalde skal vere vaktbikkjer for det frie ordet.