Tema: Ytringsfridom i arbeidslivet – frie ytringar eller munnkorg?

I denne utgåva av Unio Perspektiv ser vi nærare på vilkåra for å ytre seg, særleg i arbeidslivet. Er ytringsfridomen solid forankra, eller ligg munnkorga på lur rundt om på arbeidsplassane?

Publisert: 25. februar 2019

Dei seinare åra har det vore ein heftig debatt om varsling og varslarar i arbeidslivet. Dette er ei sak Unio har engasjert seg sterkt i. Hovudbodskapen har vore at varslingsvernet må styrkast, og at både offentleg og privat sektor vil dra nytte av ein betre varslingskultur. For tida ventar vi på kva regjeringa vil foreslå for å betre varslingsvilkåra.

Varsling og ytringsfridom er to sider av same sak. Begge handlar om å «seie ifrå». Men likevel bør dei ikkje blandast saman. Varsling handlar primært om bedriftsinterne forhold, og rettar og prosedyrar er forankra i arbeidsmiljølova og varslingsinstituttet. Ytringsfridommen er generell, og er forankra i Grunnlova.

Men det kan nok hende tilsette sjølve innskrenkjer ytringsfridomen.

«Folk tror det er mindre ytringsfrihet enn det faktisk er. Samtidig tror folk at lojalitetsplikten er mer omfattende enn hva den faktisk er.» (Sivilombodsmannen i Unio podkast)