Kalla inn på teppet for «høgreradikal propaganda» og for Facebook-post

Øyvind Eikrem og Rigmor Ingebrigtsen. Foto: Privat
Førsteamanuensis Øyvind Eikrem ytra seg i ei høgreradikal avis, og sjukepleiar Rigmor Ingebrigtsen blei kalla inn på teppet etter ein Facebook-post. Dette er to døme på saker der ytringsfridomen er sett på prøve.
Publisert: 25. februar 2019
Gjennom det siste året har det vore fleire saker der tilsette har opplevd sanksjonar etter å ha ytra seg. Det gjeld også ytringar om forhold som ikkje direkte er knytt til arbeidsplassen. Her er nokre døme:
Eikrem-saka ved NTNU
«Ytringsfriheten er et ufravikelig prinsipp». Dette var overskrifta på ein kronikk av rektor ved NTNU, Gunnar Bovim, som stod i fleire aviser, og i nettavisa Khrono (28.11.18). Han skreiv: «La meg være tydelig på følgende: Vi ønsker ikke å gi noen av våre ansatte munnkurv.»
Kronikken var eit svar på skarp mediekritikk i kjølvatnet av at ein tilsett blei kalla inn på teppet:
«NTNU trenger en skole i ytringsfrihet.» (Dagbladet)
«Dette er pinlig, NTNU.» (Adresseavisen)
Bakgrunnen for saka var – og er – ein intens debatt nettopp om ytringsfridom, den såkalla «Eikrem-saka», ved NTNU.
«Jeg skjønner ikke hvordan det lille intervjuet i Resett kan ha avstedkommet så mye oppstyr. De sier det ikke er snakk om noen personalsak, men hva er det da?» Dette sa Øyvind Eikrem, førsteamanuensis ved Institutt for sosialt arbeid, til Khrono 25.11.18.
Eikrem har fått sterk kritikk både frå studentar, frå kollegaer og frå føresette, for å ha uttalt seg til nettstaden Resett etter eit dobbeltdrap i Trondheim, der både offer og mistenkt er unge asylsøkarar. Til Resett sa han mellom anna:
«Fremstillingen av hendelsen som bare en tragedie, er naiv. Her finnes en nødvendig kontekst å ta med i betraktningen; Norge lar en masse unge menn komme hit, man fremstiller mennene som hjelpeløse stakkarer, som små barn som trenger omsorg, og at man bare må behandle dem godt, så kommer det til å gå bra. Det er en litt sånn naiv Hakkebakkeskogen-mentalitet, løsrevet fra det vi vet om hvordan mennesker egentlig oppfører og endrer seg.»
«Hele risikomomentet med disse unge mennenes tilpasning til Norge sterkt er tabubelagt. Det fremstår som nærmest unevnelig i den dannede offentligheten. Men det er ikke en urimelig forventning at yngre menn med oppvekst og bakgrunn fra krigssoner vil kunne involveres i groteske voldsepisoder, også etter ankomst til Norge. Jeg tror den offentlige samtalen om disse forholdene i Norge mangler realisme.»
Han blei skulda for å medverke til høgreradikal propaganda. Ei gruppe studentar skreiv brev til instituttleiinga fordi dei kjende seg krenka over det Eikrem hadde uttalt til Resett. Eikrem blei refsa av leiinga ved instituttet, og bedd om å ikkje kommentere saka.
Trass i klare standpunkt frå rektor, som rett nok kom noko seint på banen, har saka levd vidare ved NTNU. Mange har engasjert seg med sterke meiningar, ikkje minst i Khrono. Nettavisa har hatt meir enn 20 oppslag om denne saka, i tillegg til stor aktivitet i kommentarfelta.
Her er nokre overskrifter og ingressar:
«Studenter ved NTNU føler seg krenket over førsteamanuensis Øyvind Eikrems intervju med Resett.» (Khrono)
«Eikrem kalt inn til ledelsen» (Khrono)
«Leder bør inn på teppet etter å ha refset forsker» (Kjell Lars Berge, Khrono)
«I våre kretser er det venstreorienterte så mainstream at ingen legger merke til det, mens det høyreorienterte blir stigmatisert» (Arve Hjelseth, Khrono)
«NTNU-forsker bidrar til høyreradikal propaganda» (Dagny Johannessen og Kenneth Johansen, Khrono)
Både i Khrono og i andre medium har denne saka, og andre saker, skapt debatt om ytringsklimaet i samfunn og arbeidsliv generelt, og i akademia spesielt. Særleg har det vore fokusert på forholdet mellom ytringsfridom og akademisk fridom. I tillegg ser vi av overskriftene at debatten også har ein politisk dimensjon.
Saka pågår framleis: «Ingen forsoning under NTNU-møte om Eikrem-saken» (Khrono 1.2.19).
Det inneber altså at Øyvind Eikrem har ei sak hengande over seg. NTNU har bedd om at Eikrem ikkje medverkar til offentleg omtale av saka, og meiner at dette i så fall vil kunne vere brot på både arbeidsmiljølova og universitets- og høgskulelova. Fleire, m.a. advokat Jon Wessel-Aas, meiner at desse lovheimlane ikkje kan brukast til å innskrenke Eikrems rett til å ytre seg.
Det er ikkje oppsiktsvekkande at kollegaer og andre er ueinige med Eikrem. Men det er oppsiktsvekkande at det blir gjort forsøk på å sanksjonere Eikrem og å innskrenke retten hans til å ytre seg, særleg når dette skjer ved ein akademisk institusjon. Det kan verke som om Dagbladet har rett: «NTNU trenger en skole i ytringsfrihet».
Sjukepleiar på Facebook
«Sykepleier Rigmor Ingebrigtsen ble innkalt på teppet» (Sykepleien 23.1.19).
«Jeg ble ganske paff. Det står i kommunens etiske retningslinjer at man skal kunne ytre seg.»
Slik reagerte sjukepleiaren, som arbeider på Byparken omsorgssenter i Svolvær, og er lokalpolitikar for Rødt (Sykepleien 23.1.19). Ho blei kalla inn til møte med kommuneoverlegen og kommunalsjefen etter å ha delt ein avisartikkel på si eiga Facebook-side.
«Vi ønsker en samtale om roller som ansatt, politiker og bruk av kommentarer/deltakelse i offentlig debatt i media og sosiale medier», var meldinga frå kommuneleiinga.
Ingebrigtsen har hatt litt «vondt i magen under vegs» og uttaler til Sykepleien at situasjonen ikkje har vore grei, trass i støtte frå kollegaer og andre.
Kommuneleiinga har hevda at dei ikkje hadde «til hensikt å ilegge munnkurv», berre diskutere roller.
Men dei legg munnkorg på seg sjølv og nektar å snakke med bladet «Sykepleien» (3.2.19).
Sjukepleiaren har fått støtte frå kollegaer landet rundt, frå pressefagleg hald og frå lokalavisa. Mellom anna skriv Lofotposten at det ikkje er Ingebrigtsen, men kommunen sine representantar som «har gått over en grense» (Lofotposten 30.1.19).
Kommunalsjef Mette Nygaard har sagt til NRK Nordland at «hun vil se nærmere på regelverket, så alle kan være trygge på når de kan uttale seg».
Ho seier altså ikkje at alle skal vere trygge på «at de kan uttale seg», men «når de kan uttale seg»!
Kommunen tar altså som utgangspunkt at retten til å ytre seg skal avgrensast og kontrollerast.
Sjukepleiaren sjølv har ikkje høyrt noko direkte frå arbeidsgjevar medan saka har gått i media og i tillitsvaldapparatet (Sykepleien).
Skrekkeksempel: «Ulovlig knebling – autoritært vissvass»
Eit skrekkeksempel kom til synes ved Haugerud skole i Oslo for nokre år sidan. Gjennom interne retningsliner, 172 skriftlege punkt, blei det laga køyrereglar for dei tilsette som i praksis var lovstridige.
«Lærerne ved Haugerud skal like hårete mål, og framsnakke skolen, mener ledelsen.» (Dagbladet)
– Den er helt på trynet. Dette er ikke lov, det er i strid med både Grunnloven og menneskerettighetene. Det er en blanding av New Public Management-språk som ender opp i autoritært vissvass. Det var antakelig ikke ment sånn, men det griper sterkt inn i arbeidstakernes rettigheter, uttalte Anine Kierulf til Dagbladet den gongen (2013).
Denne saka kan tyde på at management-tenkinga enkelte stader har fått så sterkt rotfeste at overivrige leiarar misser gangsynet. Skulen skal lære opp til kritisk tenking og praktisere ytringsfridom – ikkje drive einsretting og innskrenke frie ytringar.
«Moderne munnkurv»
I boka «Moderne munnkurv – ansattes ytringsfrihet i dagens Norge» (Amelie/Dahle; Gyldendal 2015) omtalar forfattarane fleire konkrete saker der tilsette har opplevd å få ytringsvilkåra innskrenka. Sakene er frå både offentleg og privat sektor.
Boka følgjer opplevingane til ni konkrete personar, og illustrerer saksutviklinga, ytrarane sine opplevingar og både interne og eksterne reaksjonar.
Alle har opplevd sterk kritikk frå føresette. Verkemidla har vore mange og ulike, alt frå direkte irettesetting, til trugslar og andre jobbrelaterte sanksjonar. Somme har opplevd kritikk og utfrysing også frå kollegaer.
Det kan vere både krevjande og risikabelt å ytre seg. Alle ni har slutta i jobben, dei fleste «frivillig», to har blitt oppsagde.
I nokre tilfelle har fagforeiningar støtta den tilsette. Det har avhjelpt situasjonen, men ikkje løyst saka for den enkelte.
Forfattarane konkluderer med at «det er mange som har kjent på «sanksjoner og straff etter upopulære ytringer». Det blir framheva at arbeidsgjevarane vanlegvis har meir makt, og at «straffen ofte er hard».