Trepartssamarbeidet, lønnsoppgjeret, pandemien og krigen i Ukraina var noko av det som stod på menyen då Unio-leiar Ragnhild Lied vitja årsmøtet til Utdanningsforbundet på Bømlo.
Unio-leiaren vart invitert til årsmøtet første gong for tre år sidan, men på grunn av pandemien har det ikkje vore mogleg å delta før no.
– Men desto meir gledeleg at me no for fyrste gong på tre år kan møtast fysisk til årsmøte, sa lokallagsleiar Karine Nesset, som saman med nestleiar og hovudtillitsvald Tore Trøiel Hansen ønska Unio-leiaren velkomen til Bømlo og dei om lag 80 frammøtte årsmøtedelegatane.
Trepartssamarbeidet
Unio-leiaren starta innleiinga si med å snakke om trepartssamarbeidet og den norske modellen.
– Den norske modellen med trepartssamarbeidet er det viktigaste grunnlaget for velferdsstaten, og det er ein modell som er ein effektiv styringsform samstundes som han sørger for eit ryddig arbeidsliv, sa Lied.
– Det er mange andre land som ser opp til og beundrar den norske modellen, sa Unio-leiaren, og la spøkefullt til at modellen er så attraktiv og effektiv at han burde vore ei norsk eksportvare.
Lønnsoppgjeret
Unio-leiaren orienterte også om arbeidet med lønnsoppgjeret så langt. Ho argumenterte sterkt for ei høgare ramme for offentleg tilsette i årets oppgjer.

– Det store etterslepet på lønn i offentleg sektor, samt utfordringane med å behalde og rekruttere lærarar, sjukepleiarar og andre viktige yrkesgrupper i offentleg sektor, tilseier at sektoren no må sjå starten på eit lønnsløft. Det er fullt mogleg å få til ei høgre ramme for offentleg sektor innanfor frontfagsmodellen, sa Lied.
– Men då må arbeidsgjevarane innsjå at me har ei utfordring med å få tak i nok kvalifiserte lærarar og nok sjukepleiarar og andre viktige yrkesgrupper. Dette er eit samfunnsproblem og eit trugsmål mot velferdsstaten og kvaliteten på dei offentlege tenestene innan mellom anna utdanning og helse, sa Lied, og la til at private arbeidsgjevarar i langt større grad brukar auka lønn som verkemiddel for å tiltrekke seg kvalifisert arbeidskraft.
Roste Bømlo for flyktningmottak
Unio-leiaren rosa Bømlo kommune som har stilt seg positiv til å ta i mot 140 flyktningar frå Ukraina. Ho trakk samstundes fram at mange av Unios yrkesgrupper har ei sentral rolle i mottak og integrering av flyktningar.
– Mange av Unios yrkesgrupper bur seg no på å ta i mot eit stort antal flyktningar. Både helsepersonell, undervisningspersonell, Nav-tilsette og politi var sterkt involvert i 2015 då det kom mange flyktningar frå Syria. Me lærte mykje av det og er slik sett betre budd denne gongen, sa Unio-leiaren.
