– Dette er alvor, sier Ragnhild Lied

– Som fagorganiserte veit vi godt kor viktig fellesskap er. Vi har trening i å vere solidariske. Vi veit at samhald gir styrke. Og vi kan stå saman og gå i takt når det trengst. No trengst alt dette meir enn nokon gong før, sier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Vi – det store vi – står midt i ein situasjon vi aldri har øvd på. Men både kvar einskild og fellesskapet  må no gjere alt vi kan for å hindre spreiing av koronaviruset. Vi må alle gjere vårt for å verne andre og oss sjølve.

Difor stiller Unio seg fullt og heilt bak dei ekstraordinære og drastiske  grepa som styresmaktene har tatt og tar i kampen mot pandemien.

– Skremmande

– Det er svært omfattande og krevjande tiltak som er sette i verk. Desse grip inn i kvardagen for alle, på mange og ulike måtar, sier Unio-leiaren.

Mange medlemmer i Unio-forbunda er sterkt involverte profesjonelt. Særleg gjeld det sjukepleiarane og andre helsegrupper som dag og natt står på i frontlina av krigen mot koronaviruset.

Situasjonen er skremmande. Mange er urolege både for helsesituasjonen og for økonomien, både for seg sjølve, for familien, for arbeidsplassen, for lokalsamfunnet. Det er ei nasjonal krise, og det er ei internasjonal krise. Mange spørsmål blir stilte. Ikkje alle kan svarast på med ein gong. Mellom anna fordi vi ikkje har opplevd noko tilsvarande tidlegare. Difor kan det første svaret bli «veit ikkje». Nettopp det viser kor alvorleg krisa er. Samstundes er det no vi må vise at vi er eit tillitssamfunn.

Det som derimot er klinkande klart er at vi individuelt og kollektivt skal følgje råda og pålegga frå styresmaktene.

Du kan faktisk ramme både deg sjølv og andre dersom du overser råda  eller driv eigen fleksibel regeltilpassing. Det er i så fall ikkje solidarisk.

Våre medlemmer i frontlina

Mange medlemmer i Unio-forbunda er sterkt involverte profesjonelt. Særleg gjeld det sjukepleiarane og andre helsegrupper som dag og natt står på i frontlina av krigen mot koronaviruset.

– I denne situasjonen blir det ekstra tydeleg og synleg kor livsviktige samfunnsoppgåver dei tilsette i helsesektoren har ansvaret for. Mange av dei er sjølvsagt ekstra utsette for sjølve å blir smitta. Difor er det absolutt på sin plass med den takka statsministeren målber på vegne av oss alle, sier Ragnhild Lied.

Politi og beredskap

Men også ei rekkje andre medlemsgrupper står midt i det. Politiet får nye oppgåver som del av den nasjonale beredskapen, samstundes med at vanlege politioppgåver skal utførast. Når heile utdanningskjeda – frå barnehage til universitet – i praksis er stengd, er det opplagt at det fører til ein uvanleg og krevjande kvardag for mange.

Det gjeld også for dei tilsette. Dei er verken «fri» eller permitterte, men har på ulike måtar ansvar for at det blir gitt ulike former for undervisning.

– Som fagorganiserte skal vi stå i fremste rekkje for å vise at fellesskap funkar. No er det alvor.

Fare for permitteringar

I praksis er det ingen som går fri i denne krisesituasjonen. Også blant Unio sine medlemsgrupper i privat sektor er det fare for permitteringar. Både arbeidstakarar og bedrifter blir hardt pressa. Av våre medlemsgrupper gjeld det særleg fysioterapeuter som er sjølvstendig næringsdrivande. Difor har Unio i innspel til regjeringa kravd at krisepakkane tar omsyn til dette. Så får vi håpe at flest mogeleg av arbeidsplassane overlever, sier Ragnhild Lied.

Tariffoppgjeret utsett

Mange hadde nok med forventning sett fram til årets tariffoppgjer. Forhandlingane involverer mange aktørar, både på arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida. Dessutan er det vanlegvis mange møte og skoleringstiltak under vegs. I tillegg står samfunnet i ein alvorleg krisesituasjon. Difor var det både nødvendig og rett å utsette tariffoppgjeret. Når på hausten det blir oppstart i dei ulike tariffområda er enno ikkje bestemt.

– Ta del i dugnaden!

Kampen mot koronasmitten står også på dagsordenen i trepartssamarbeidet. Arbeidslivet er ein sentral aktør i dette nasjonale krafttaket, og vi har viktige interesser å ivareta, også økonomisk, på vegne av medlemmene.

– Eg oppmodar alle om å ta del i den nasjonale dugnaden som samfunnet no står midt oppe i. Det er mellom anna godt dugnadsarbeid å følgje dei faglege råda frå helsestyresmaktene. Dessutan kan ein telefonsamtale med ein kollega eller ein nabo, vere eit viktig omsorgs- og solidaritetstiltak!

Som fagorganiserte skal vi stå i fremste rekkje for å vise at fellesskap funkar.

– No er det alvor, seier Unio-leiaren.

 

Flere saker om helse og arbeidslivet i koronakrisen her