Den fjerde statsmakta – ein illusjon?

Unio-leiar Ragnhild Lied på talarstolen på Unio-konferansen 2019. Foto: Nora Sørensen / Unio
Overskrifta for Unio-konferansen 2019 var «Har den fjerde statsmakt abdisert?». Bakgrunnen var fleirfaldig. Vi har nyleg sett at Nav-skandalen har fått utvikle seg i årevis, under radaren også for media. Sosiale media tar over på fleire arenaer. Gamle media blir pressa til overflatejournalistikk og klikk-konkurranse. Så kanskje er ideen om den fjerde statsmakta i ferd med å bli ein illusjon?
Publisert: 12. desember 2019
Av Ragnhild Lied
Til å kommentere situasjonen hadde vi invitert både akademikarar frå fagfeltet og journalistar. Oppsummert var svara: Det er skyer på himmelen. Men det går trass alt ganske bra. Mediemangfaldet har aldri vore større. Tilliten til media er ikkje på topp, men heller ikkje kritisk dårleg. Økonomien skrantar, derimot. Folk må betale meir for kvalitet.
No har ikkje akkurat sjølvkritikk vore ei meisterskapsgrein i medieredaksjonane. Tvert imot. Media har ofte takla kritikk dårleg. Dei er snare til å gøyme seg bak «samfunnsoppdraget», altså rolla som den sjølvoppnemnde fjerde statsmakta.
Rett nok har det vore hendingar den seinare tida, som har pressa fram sjølvkritikk – både i VG (Giske-saka) og i andre mediehus. Dessutan skal norske media ha ros for å ha eit truverdig system for sjølvjustis gjennom «Pressens Faglige Utvalg». Sjølv om justisen er outsourca til ei nemnd, fungerer «name and shame» som internjustis både overfor redaksjonar og overfor journalistar. Dessutan er ordninga ei viktig sikringsmekanisme, både i høve til publikum og til kjelder.
Men trass i svake sider: Takke meg til dei klassiske mediebedriftene, enten dei leverer på papir, på nettet eller gjennom eteren!
Dess meir eg høyrer og lærer om sosiale media, dess meir undrande og kritisk blir eg. Både mot innhaldet og mot metodane, og ikkje minst mot businessen og algoritmane som styrer det meste.
Vi har sett døme på nyheitssaker som blir skapte av datamaskinar som ved hjelp av nokre få stikkord utformar fullt ut leselege, men – meir eller mindre truverdige – oppdikta nyheitssaker.
Og ikkje nok med det: Verda blir tidvis styrt frå ein Twitterkonto i Washington. Avsendaren omtalar stadig vekk tradisjonelle media som fake news, særleg når dei gjer jobben sin og stiller kritiske spørsmål!
Det offentlege ordskiftet er viktig for deltaking og demokrati. Difor trengst truverdige media som leverer god journalistikk. Det er viktig også for organisasjonar som Unio. Så blir det opp til media sjølv om dei klarer å forvalte eiga rolle slik at tilliten ikkje blir svakka. Går tilliten tapt, går også ideen om den fjerde statsmakta tapt.
Se Ragnhild Lied sin tale frå Unio-konferansen 2019: