Ny IA-avtale – sjukelønnsordninga vidareført

Vi har no fått ein betre IA-avtale, meiner Unio-leiar Ragnhild Lied.

Det skal satsast tungt på førebygging og forbetring. Det skal leggast endå større vekt på arbeidsmiljøet på norske arbeidsplassar. Kunnskap skal prege arbeidsmiljøet og inkluderinga. Og ikkje minst: Dagens sjukelønnsordning er sikra.

Publisert: 18. desember 2018

Regjeringa og partane i arbeidslivet er einige om ein ny IA-avtale. Med det er sjukelønnsordninga sikra for nye fire år. Vi har fått ein avtale med verkemiddel som gjeld heile arbeidslivet, ikkje berre såkalla IA-bedrifter. For Unio var det eit mål ikkje berre å få ein ny avtale. Vi skulle ha ein avtale med endå større vekt på arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Det har vi fått.

Dessutan er sjukelønnsordninga sikra, i første omgang i avtaleperioden fram til 2023. Det gir klare rammer for den stadige debatten om elementa i sjukelønnsordninga.

Førebygging og forbetring blir både mål og verkemiddel når vi i fellesskap skal skape eit meir inkluderande arbeidsliv. Vi veit at potensialet er betydeleg. STAMI understrekar nettopp dette i sine analysar av norsk arbeidsliv. Det stemmer også med praktiske erfaringar både frå tillitsvalde og verneombod. Den nye avtalen kan også vere støtte til å utvikle ein HMS-praksis som er betre tilpassa dagens arbeidsliv, der offentleg sektor og tenesteytande næringar har ein stadig sterkare posisjon.

Kunnskapsbasert arbeid og skolering vil stå sentralt i oppfølgingsarbeidet. Ikkje minst blir det endrast i og med at arbeidsplassen skal vere hovudarenaen for arbeidet med å nå avtalemåla. I tillegg vil både Arbeidstilsynet og NAV sine arbeidslivssentra få viktige støttefunksjonar.

Det er arbeidsgjevar som har hovudansvaret for at arbeidsmiljøet er fullt forsvarleg. Ikkje nok med det: Arbeidsmiljøet skal vere helsefremmande. Men sjølvsagt kan vi ikkje overlate arbeid og ansvar til arbeidsgjevar åleine. I tråd med avtalen skal både tillitsvalde og verneombod mobiliserast. Dei er klare til å ta sin del av ansvaret. Det er også Unio og medlemsforbunda.

Framleis er det eit hovudmål å redusere sjukefråværet. Målet er ein reduksjon på 10 prosent i høve til gjennomsnittet i 2018.

Unio har dessutan fått gjennomslag for eit krav om å etablere bransjevise program, særleg retta mot område som har høgre sjukefråvær enn gjennomsnittet. På bakgrunn av dokumentert kunnskap skal det fastsettast eigne mål og indikatorar for desse bransjane og sektorane. Kva for bransjar det vil handle om, skal avgjerast seinare. Men det verkar opplagt at ein del kvinnedominerte bransjar er høgaktuelle.

Det har vore strid og spenning knytt til forhandlingane om IA-avtalen. Delar av arbeidsgjevarsida signaliserte innleiingsvis at dei ville torpedere heile IA-avtalen. Regjeringa verka heller ikkje særleg entusiastisk. Heldigvis fekk vi etter kvart ein meir konstruktiv prosess. Sjølv om tautrekkinga var tøff heilt til målstreken, har vi no ein ny og betre IA-avtale.

Trepartssamarbeidet har fungert og tatt felles ansvar, sjølv om utgangspunktet var både uklart og utrygt.

Når vi snart går inn i eit nytt år, er det berre å legge seg i selen for alle partar. Gjennom kunnskapsbasert førebygging og forbetring skal fleire inkluderast og færre oppleve dårleg arbeidshelse!