Arbeidsmiljøet – stort rom for førebygging og forbetring

Norsk arbeidsliv har eit betydeleg potensial når det gjeld førebygging og forbetring av arbeidsmiljøet på arbeidsplassane. Dette blir tydeleg synleggjort i «Faktaboka» frå STAMI, som denne artikkelen bygger på.
Publisert: 18. desember 2018
1. Bakgrunn
Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) publiserer kvart tredje år ei faktabok om arbeidsmiljøet på norske arbeidsplassar. På meir enn 250 sider får vi ei mengde tal og grafar, utviklingstrekk og status, tal og analysar. Vi får innsyn i alt frå korleis det er å arbeide sittande på huk, med hovudet framoverbøygd, til risikoen ved etsande væsker og konsekvensar av mobbing og seksuell trakassering.
Kanskje er faktaboka for omfattande og for detaljert. Det kan vere vanskeleg å skilje mellom viktig og mindre viktig. Dermed er det fare at heller ikkje denne utgåva i tilstrekkeleg grad blir godt nok brukt i det praktiske arbeidet på den enkelte arbeidsplass.
Boka gir ikkje fasiten på årsaker til helseplager og sjukefråvær, verken for arbeidstakarar generelt eller for grupper. Likevel gir boka grunnlag for kunnskapsbaserte vurderingar både når det gjeld tiltak retta mot førebygging og mot forbetring. Trass i nokre innvendingar, kan Faktaboka vere eit godt verktøy for å følgje opp IA-avtalen. Her vil IA-avtalens nye web-portal gjere relevant kunnskap lettare tilgjengeleg for dei som har ansvaret på den enkelte arbeidsplass.
Norsk arbeidsmiljøstandard er i front internasjonalt. Både lovverket og den praktiske oppfølginga på arbeidsplassane medverkar til dette.
Men det er ingen grunn til å slå seg til ro. Innsatsen må forsterkast både med tanke på trivsel, arbeidshelse og produktivitet. Faktaboka underbygger tydeleg at norsk arbeidsliv har meir å gå på.
Faktaboka skal bidra til å «samle, fortolke og formidle kvalitetssikret informasjon om arbeidsmiljø og helse i Norge», skriv leiar i STAMI, Pål Molander.
Faktaboka gir ei oversikt over det nasjonale risikobildet når det gjeld arbeidsmiljø og arbeidshelse i ulike næringar og yrke. Faktaboka fokuserer i særleg grad på område med ytterlegare førebyggingspotensial, og det blir slått fast at dette potensialet framleis er betydeleg.
Faktaboka presenterer resultat, informasjon og analysar som både Unio og medlemsforbunda kan dra nytte av. Dette gjeld både i den generelle arbeidsmiljøinnsatsen, men ikkje minst i oppfølginga av IA-avtalen.
Det er god grunn til å både vere budd på og å dra nytte av ei ganske sikker prognose: «Høy kompetanse er antatt på bli enda viktigere framover på grunn av internasjonal arbeidsdeling, teknologisk utvikling og automatisering». Omstillingsevne, endringsvilje og evne til å lære nytt blir nøkkelfaktorar for konkurranseevna – både på makro- og mikronivå.
Det er mange årsaker til sjukefråvær. Slett ikkje alle desse er knytt til arbeidet eller arbeidsmiljøet. Men det godt dokumentert at både mekaniske, organisatoriske og psykososiale forhold påverkar arbeidshelsa og sjukefråværet. Muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar utgjer om lag 60 prosent av det legemelde sjukefråværet. Både arbeidsorganisering, arbeidstid, kombinasjonen av høge krav og låg autonomi og eigenkontroll aukar risikoen for helseskadar. Difor blir satsing på konkrete og treffsikre tiltak som kan forebygge skader ekstra viktig for å nå måla i IA-avtalen.
2. Svak autonomi og sterk rollekonflikt gir sjukefråvær?
Svært mange, kanskje dei fleste, opplever at jobben kan vere tøff og krevjande. Men med høg trivsel og god leiarstøtte kan dei fleste leve godt med høge krav. Eit viktig element i så måte er at ein opplever å ha god jobbkontroll, at ein sjølv er med på å planlegge korleis arbeidsoppgåvene skal handterast.
Derimot vil kombinasjonen av låg jobbkontroll og hardt arbeidspress medføre ein betydeleg risiko for både dårleg arbeidsmiljø og for helseskade. Dette blir gjerne forsterka dersom ein opplever rollekonfliktar og motstridande krav i jobben.
Yrke med hyppig kunde- og klientkontakt møter ofte situasjonar der ein på den eine sida skal vere høfleg, korrekt, og forståingsfull for andre sine behov, og på den andre sida høgt tempokrav og at tida ikkje strekkjer til. «Eg skulle gjerna ha gjort meir, strekt meg litt lenger». Dette er typiske utsegn frå tilsette i helsesektoren og utdanningssektoren, men også i servicesektoren.
Difor ser vi også frå Faktaboka at «Unio-yrke», som sjukepleiar, lærar og førskulelærarar, er blant yrka som rapporterer om høge jobbkrav (fig. 3.23). Desse rapporterer også om høg grad av rollekonflikt. Særleg gjeld det for sjukepleiarar, men også for politifolk (fig. 3.24). Fleire av Unio-gruppene ligg også høgt når det gjeld emosjonelle krav i jobben (fig. 3.25).
Låg grad av jobbkontroll synest å vere hyppigast blant yrke med kortare utdanning, og kvinner opplever oftare låg jobbkontroll enn menn.
Men også utdanningsgrupper som sjukepleiarar og politifolk rapporterer om låg jobbkontroll. Fysioterapeutar og grunnskulelærarar ligg på snittet. Medan førskulelærarar og lektorar er i den andre enden av skalaen: Få av desse melder om låg jobbkontroll (fig. 3.26).
Blant Unio-yrke som rapporterer om høge jobbkrav kombinert med låg jobbkontroll, er sjukepleiarane i ei særstilling. Over tid aukar denne kombinasjonen risikoen for helseplager.
Dette tyder på at det er sider ved sjølve arbeidsorganiseringa som påverkar jobbsituasjonen negativt. Når dette i tillegg blir kombinert med uregelmessig arbeid, turnus og nattarbeid, aukar faren for arbeidsrelaterte helseskadar.
Det er neppe naturgitt at sjukefråværet i helsesektoren og i barnehagen ligg betydeleg over gjennomsnittet i arbeidslivet. Ei vanleg «forklaring» er at dette er kvinnedominerte yrke, og difor er sjukefråværet høgt. Man kanskje ligg også noko i forklaringa i måten arbeidet er organisert på? Og er det særlege trekk ved sjølve jobben ein bør sjå nærare på? Desse og liknande yrke er knytte til arbeid med og for folk – folk med ulike, og ofte lite føreseielege forventningar?
Faktaboka gir ikkje eintydige svar. Men spelar opp til refleksjon og diskusjon.
3. Arbeid og helse
Europeiske undersøkingar viser at norske arbeidstakarar er blant dei som er mest fornøgde med forholda på eigen arbeidsplass.
Fleire undersøkingar viser at arbeid gjennomgåande er bra for helsa. Dess meir tilfreds ein er på jobb, dess meir sannsynleg er det at ein unngår helseplager, særleg gjeld det psykiske helseplager.
Likevel blir folk sjuke, enten årsakene ligg i eller utanfor arbeidet. Variasjonen i sjukefråværet er betydeleg mellom yrkesgrupper.
Det er også stor variasjon mellom grupper når ein måler kor tilfreds eller motivert ein er for eigen jobb. I STAMI si faktaundersøking er reinhaldar den yrkesgruppa som har lågast skår. 45 prosent seier dei er fornøgde. På topp finn vi toppleiarar og frisørar(!) med ein skår på 80 prosent (fig. 1.1).
Ser vi på Unios grupper, ligg dei stort sett i midtsjiktet: Førskulelærar, lektor, fysioterapeut og politi ligg noko over 60 prosent (snittet er 60). Medan sjukepleiar ligg noko under 60, hårfint over lege. STAMI sin database viser også at graden av motivasjon, og kor tilfreds aukar gradvis med alderen (fig. 1.1).
Det er viktig å vere klar over at dette er tal basert på overordna vurderingar av arbeidssituasjonen. I denne samanhengen spelar ikkje minst vurderingar av forventing inn.
Nyare studiar viser også at når arbeidsmiljøfaktorar som best førebygger psykiske plager, finn vi leiarstøtte, rettferdig leiing og positive utfordringar i jobben (s. 15).
Godt leiarskap er med andre ord helsefremmande.
4. Helseskadar
Arbeidssituasjonen kan også gi helseskadar – både fysisk og psykisk. Den samfunnsøkonomiske kostnaden ved arbeidsrelaterte helseskadar er berekna til om lag 30 milliardar kroner (s. 16).
Utdanning og utdanningsnivået påverkar helsesituasjonen. I gruppa med minst utdanning (grunnskule) oppgir nærare 6 prosent at dei har dårleg helse. Medan talet er litt over 1 prosent for dei med universitetsutdanning på 5 år eller meir. Det er derimot liten skilnad mellom grupper med vidaregåande opplæring og dei med høgre utdanning inntil 4 år. Her er nivået 3 prosent for begge grupper (s. 18).
Utdanningsnivået slår også inn når det gjeld avgang frå arbeidslivet på grunn av helseproblem. I aldersgruppa 25–66 år gjekk om lag 10 prosent av kategorien «yrke utan krav til utdanning» ut av arbeid på grunn av helseproblem, ikkje på grunn av pensjonering. For pedagogiske og akademiske yrke var det under 0,5 prosent som rapporterte helseproblem som grunn. For høgskulegrupper generelt var det 1,5 prosent, og for sjukepleiarar 1,7 prosent (fig. 1.6).
Å satse på utdanning gir med andre ord positiv helseeffekt, både for samfunnet og for individet.
Men det seier seg også sjølv at spesifikke krav til yrkesutøvinga spelar inn, som t.d. tungt manuelt arbeid og eksponering for ulike former og grader for risiko.
5. Utvikling og endring
Arbeidslivet blir påverka av ei rekkje forhold. Endringstakten kan likevel vere ulik, både innan næringar og yrke. Men det er liten tvil om at særleg teknologi og digitalisering har endra både samfunnet og arbeidslivet. Dette, kombinert med aukande globalisering, skaper utfordringar både for den enkelte, for arbeidsplassen og for næringar. Næringsstrukturen i Norge har endra seg kraftig, om enn gradvis. Om lag to av tre arbeider no i tenesteytande næringar. Dette fører til at færre arbeider i tunge manuelle yrke med høg risiko for fysiske skadefaktorar. Stadig fleire arbeider i tett kontakt med folk – enten det er kundar, klientar, pasientar eller elevar og studentar.
Endringar i næringsstrukturen påverkar både organisering og arbeidstid. Også kjønnsbalansen i arbeidslivet blir påverka. Gradvis har det blitt meir vanleg at fleire kvinner arbeider heiltid. Prosenten har auka frå 47 prosent i 1980 til 63 prosent i 2016. Heiltidsandelen for menn har derimot vore nokså stabil, om lag 85 prosent (s. 36).
Likevel har vi eit kjønnsdelt arbeidsliv. Berre nokre få yrke har kjønnsbalanse. Blant 47 registrerte yrkesgrupper som faktaboka baserer seg på, finn vi seks typiske kvinneyrke (meir enn 80 prosent kvinner) og tretten typiske mannsyrke (meir enn 80 prosent menn). Kvinner har gjennomgåande høgare sjukefråvær enn menn. Og dei har systematisk lågare lønn. Kanskje ligg noko av årsaka i at arbeidsmiljøfaktorar slår ulikt ut i mannsdominerte- og kvinnedominerte yrke, og at HMS-regimet er betre tilpassa typiske mannsyrke enn typiske kvinnedominerte yrke?
Arbeidsmiljøet i Norge har generelt høgt standard. Men det er framleis betydelege skilnader knytt til utdanningsnivå. Generelt kan vi seie at lang utdanning også er ein veg til bra arbeidsmiljø – både fysisk og psyko-sosialt. Men også her – i mindre grad for kvinner enn for menn.
Den største næringa, helse- og sosialtenester, med om lag 540 000 sysselsette, er ei av dei mest risikoprega næringane i arbeidslivet. Om lag 80 prosent av dei tilsette er kvinner.
Sjukefråværet i helse- og sosialnæringa ligg stabilt godt over landsgjennomsnittet (8,7 mot 6,3 prosent i 2017, s. 203).
Ein reduksjon i sjukefråværet i ei så stor næring vil gi merkbare utslag på det samla sjukefråværet. Det er difor gode grunnar til å gå ekstra grundig inn i arbeidsmiljøet i denne næringa, både med tanke på førebygging og med tanke på forbetringstiltak.