Unio vil ha ny IA-avtale

Unio meiner at alle partar no må bruke resten av året til å forhandle fram ei fornying og forbetring av IA-avtalen. Det vil gagne den enkelte, og det vil styrke arbeidslivet som ein arena for inkludering.

Publisert: 16. oktober 2018

Av Ragnhild Lied, Unio-leiar

Det har vore reforhandlingar av IA-avtalen fleire gonger sidan 2001. Undervegs har det vore støy og kritikk, til tider også dramatikk om IA-avtalen.

Også denne gongen har det vore debatt og uro. I sommar slo fleire aviser opp med stor skrift at «partene vurderer å vrake IA-avtalen». Slik blei det skapt eit inntrykk av at partane samla var klare til å sende IA-avtalen på skraphaugen. Det var ei overdriving. Motstandarane har moderert seg.

Delar av arbeidsgjevarsida gir rett nok framleis uttrykk for at dei helst ser at avtalen blir kraftig endra, eller aller helst fjerna. Men så er det heller ikkje spesielt overraskande at dei som vil svekke sjukelønnsordninga også vil kvitte seg med IA-avtalen. Sjukelønnsordninga er for dyr, og trugar velferdssamfunnet, er den ikkje spesielt originale forklaringa. Vi har høyrt det før. I dette perspektivet kan det for nokre sjå ut som ein «fornuftig» strategi å prøve å kvitte seg med IA-avtalen først. Denne avtalen slår nemleg ring om dagens sjukelønnsordning.

Vi veit at arbeidsministeren og regjeringa er kritisk til svake avtaleresultat. Arbeidsminister Anniken Hauglie har sagt at det er uaktuelt å kopiere dagens avtale inn i ein ny periode. Samstundes har statsministeren forsikra om at sjukelønnsordninga skal bestå.

Unios utgangspunkt er at avtalen skal endrast og forbetrast, ikkje vrakast. Avtalen har ikkje fungert godt nok. To av dei tre hovudmåla er ikkje nådde, trass betydeleg innsats frå mange ledd. Avtalen har også medverka til eit omfattande dialogbyråkrati. Kritikarane har rett i at når innsatsen ikkje står i stil med resultata, kan det føre til at somme blir «avtaleleie». Men dette er ikkje gode nok grunnar til å gi opp.

Men det er heller ikkje enkelt å finne metodar som garantert verkar. Likevel må det framleis vere eit felles mål å betre arbeidshelsa og å inkludere fleire med nedsett arbeidsevne i arbeidslivet. Sjukefråværet i dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor held seg ekstra høgt, særleg i kommunesektoren. Her er om lag 80 prosent av dei tilsette kvinner. Det er velkjent at kvinner har høgre sjukefråvær enn menn, i så godt som alle sektorar.

Det er god grunn til å gi honnør til dei, ikkje minst i industrien, som har redusert sjukefråværet betydeleg. Av og til kjem sarkastiske meldingar frå industrihald til offentleg sektor, og særleg til kvinneyrka: «Skjerp dykk, de kan då ikkje vere sjukare enn oss». Men det er nettopp det som er den faktiske situasjonen. Dei er, eller rettare, blir meir sjuke.

Kanskje ligg noko av forklaringa i sjølve arbeidet. Medan industrien har nedbemanna og er dominert av menn i sin «beste» alder, slit helsesektoren og kommunesektoren med å skaffe nok folk. Dei rekrutterer mange, også mange som tydelegvis ikkje maktar det tøffe arbeidspresset godt nok. Mange blir ofte sjuke – for ofte og for lenge til at IA-måla er innan rekkevidde.

Det har kome mange rapportar, analysar og forskingsresultat gjennom dei 18 åra med IA-avtale. Desse gir ikkje eintydig svar på eitt og alt, heller ikkje på at forklaringa på ulike sjukefråværsnivå ligg i sjølve arbeidssituasjonen.

Kanskje har forskaren Solveig Ose viktige poeng når ho seier at HMS-regelverket først og fremst er innretta mot industrien, og for dårleg tilpassa «vår tid». Langvarige slitasjar og belastningar må få større merksemd, meiner ho. Ho får støtte frå ein erfaren praktikar. Aud Steiring i Arbeidsmiljøsenteret meiner også at mange av belastningane som særleg finst i kvinneyrka, i liten grad blir fanga opp i det tradisjonelle HMS-arbeidet. (I Front nr. 6/17)

Dette er nok ikkje fasiten åleine. Men i staden for å kvitte seg med IA-avtalen og gå til angrep på sjukelønnsordninga, forventar eg at arbeidsgjevarane i den vidare avtaleprosessen er villige til fornya innsats. Å bruke IA-avtalen til å vektlegge førebygging sterkare og til meir relevant HMS-arbeid vil vere bra for arbeidshelsa. Godt arbeidsmiljø er dessutan økonomisk lønnsamt.

Difor må alle partar no medverke til fornying og forbetring av IA-avtalen. Ein god IA-avtale er vinn-vinn. Det vil vise at eit godt trepartssamarbeid er ei drivkraft for inkludering.