Spelet om sjukelønna

Oslo, 8. september 2006: NHO-sjef Finn Bergesen jr. (t.v.) og Anders Folkestad fra Unio sammen med NHO-direktør Sigrun Vågeng før møte i Folkets Hus, der åtte organisasjoner i arbeidslivet diskuterte situasjonen rundt IA-avtalen/sykelønnsordningen. Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX.
90-talet var eit tiår for økonomiske innstrammingar. Både styresmakter og andre meinte at Noreg levde over evne. Finansdepartementet sitt favorittbilde var «haikjeften». Her illustrerte ein gapet mellom inntekter og utgifter. Bodskapen var at noko måtte gjerast for å kutte kostnader. Ikkje minst fordi arbeidsløysa var stigande, og trygdeutgiftene aukande.
Publisert: 16. oktober 2018
Av Anders Folkestad
Dette resulterte etter kvart i fleire «kostnadsdempande» tiltak. Eitt av desse var «solidaritetsalternativet». Eit sympatisk begrep for ein hard strategi som skulle halde lønnsveksten nede. Partane var LO, NHO og Ap-regjeringa. Dei andre partane blei haldne på utsida. Dei fleste lønnstakarar fekk merke solidaritetsalternativet gjennom svak lønnsvekst, og i særleg grad merka utdanningsgruppene i offentleg sektor dette.
Men det var særleg veksten i trygdeutgiftene som skapte politisk uro. Difor fekk vi også innstrammingar i folketrygda i 1992.
Etter forbetringar i sysselsettinga midt på 90-talet, blei det stadig skarpare fokus på det stigande sjukefråværet. Talet på uførepensjonerte steig. Det gjorde også talet på tidlegpensjonistar. Det var brei politisk semje om at det måtte jaktast på mottiltak.
I 1999 oppnemnde Bondevik I-regjeringa det såkalla Sandman-utvalet, under leiing av Matz Sandman. Dette var eit breitt samansett utval der både partane i arbeidslivet, interesseorganisasjonar og fagpersonar var med.
Hovudtrekka i mandatet var å analysere situasjonen og årsaker til auken i sjukefråværet, og veksten i uførepensjoneringa, herunder årsaker til kjønnsmessige skilnader. Utvalet skulle kome med forslag til regelendringar og andre tiltak. I tillegg blei utvalet bedd om å vurdere om det skulle settast kvantifiserbare mål for reduksjon i sjukefråværet.
Det blei eit heftig utvalsarbeid. I sluttfasen truga representantane frå LO, AF og YS med å trekkje seg frå utvalet. Årsaka var at fleirtalet ville foreslå innstrammingar i sjukelønnsordninga. Etter nye rundar blei organisasjonane verande i utvalet. Likevel vann fleirtalet fram, og organisasjonane svarte med ein skarp dissens, som også enkelte andre utvalsmedlemmer slutta seg til.
Men fleirtalet stod på sitt, og foreslo følgjande pakke for å redusere sjukelønnsutgiftene:
- Dei tilsette skulle bidra med å gå ned frå 100 til 80 prosent sjukelønn dei første 16 dagane.
- Arbeidsgjevarane skulle dekke 20 prosent av sjukelønna resten av perioden.
- Staten skulle bidra med skattelette i form av 0,5 prosent redusert trygdeavgift.
- Eigenmeldinga skulle utvidast frå tre til åtte dagar i året.
Akademikerne stod saman med fleirtalet i utvalet.
Etter at regjeringa Bondevik I blei felt i 2000, overtok Jens Stoltenberg og Arbeidarpartiet regjeringsmakta. I første omgang var det fleire som rekna med at forslaget om sjukelønnskuttet då blei stoppa.
Men det var ikkje opplagt. Matz Sandman var tidlegare Ap-statsråd og hadde framleis ein sentral posisjon både i partiet og som fylkesrådmann i Buskerud.
Stoltenberg-regjeringa prøvde gjennom interne prosessar å få LO-leiinga, og etter kvart dei andre hovudorganisasjonane, med på tiltak som kunne smørje forslaget om kutt i sjukelønna. Eitt av desse var mellom anna tilbod om eit etterutdanningsfond og styrka individuelle rettar til etterutdanning. Også skattefrådraget for fagorganisering låg i potten.
Til slutt sprakk saka, og det blei slått stort opp, mellom anna i Dagens Næringsliv, at Ap dreiv eit dobbeltspel. Frå å ha vore kritisk til delar av Sandman-utvalet sine forslag, særleg etter at Høgre adopterte dei, jobba likevel Stoltenberg og andre for å legge grunnlag for kutt i sjukelønna. LO-leiar Yngve Hågensen fekk kritikk internt i LO for å ha gått i dialog om sjukelønna, og fram mot LO-kongressen i mai 2001 var temperaturen høg. Særleg var leiarkandidat Gerd-Liv Valla kritisk. Både AF og YS stod knallhardt på sine standpunkt frå Sandman-utvalet: nei til kutt i sjukelønna.
Etter at saka sprakk i media, gav regjeringa seg på sjukelønnskuttet. Det gjorde også arbeidsgjevarane. Og prosessen mot ein annan strategi starta.
Sjølv om «Sandman-pakken» blei parkert, er det liten tvil om at både analysane og forslaga frå utvalet sette sitt preg på arbeidslivsdebatten.
Etter drøftingar gjennom våren og sommaren, skreiv partane i arbeidslivet og Stoltenberg-regjeringa under den første IA-avtalen. Satsing på inkludering skulle erstatte kutt i sjukelønna. Det skjedde tidleg i oktober 2001.
Unio var ikkje etablert på denne tida, og AF var i praksis avvikla. Dermed stod store og viktige arbeidstakargrupper på utsida av denne prosessen, og var ikkje med på avtalen. Men straks etter at den nye hovudorganisasjonen var etablert, slutta Unio seg til avtalen, og deltok i oppfølgingsarbeidet frå 2002.
Eitt av tiltaka var ei rekkje regionale fellesarrangement i Unio-regi, der IA-avtalen var hovudsaka. Temaet var godt eigna til å skape debatt over forbundsgrensene, og medverka både til å betre kjennskapen til kvarandre, og til å styrke Unio-fellesskapen.
Mange var entusiastiske, men fleire møtte også IA-avtalen med stor skepsis. Argumenta var mellom anna:
- Sjukefråværet er høgt mellom anna fordi vi har dårlege arbeidsvilkår, og det er mangel på tid og ressursar.
- Kvifor skal vi medverke til på få ned sjukefråværet – i praksis er dette ein strategi for å kamuflere dårlege arbeidsvilkår og mangel på ressursar?
Det er også grunn til å spørje: Fekk IA-avtalen den plassen han burde ha i skolering av tillitsvalde i forbunda?
Tok tillitsvalde og medlemmer godt nok innover seg at IA-avtalen først og fremst var eit svar på forslaga om å svekke sjukelønnsordninga? At IA-avtalen dermed er ein strategi for å sikre eit gode som er under sterkt press?
Var medlemmer og tillitsvalde klar over kva som stod på spel den gongen? Neppe. Og kva som står på spel no? Forhåpentlegvis.
Med ein ny sjanse, må det bli ein ny giv.