Unio er kritisk til regjeringa sitt forslag om at gradert sjukemelding skal bli hovudregelen for å få ned sjukefråværet, og at fastlegane skal få eit meir standardisert system for sjukemelding. – Det verkar på meg som at regjeringa her tyr til eit drastisk grep for å framstå som handlekraftig, seier Unio-leiar Steffen Handal til Klassekampen.
Han meiner grepa framstår som «dramatiske» og dårleg forankra, og reagerer på at verken Unio eller LO har vore involvert i forkant.

Forslaget frå regjeringa inneber at fleire sjukmelde skal jobbe delvis, og at fastlegane får eit meir standardisert system for sjukemeldingar. Handal har stor forståing for at Legeforeninga er kritisk.
– Eg har stor tru på at profesjonane må ta i vare skjønnsutøvinga og har lite tru på at standardisering vil hjelpa her.
Han åtvarar mot at forslaga kan forstyrre arbeidet i inkluderande arbeidsliv (IA).
Også LO og Norsk Sykepleierforbund er kritiske. Dei peikar på at mange arbeidsplassar manglar reelle moglegheiter for tilrettelegging, og at problema bak sjukefråværet ikkje blir tatt på alvor.
– Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis dette skal fungere, seier NSF-leiar Lill Sverresdatter Larsen til Klassekampen.
Les også Økt aktivitetsplikt gir mer makt til arbeidsgiver


