– Eitt av de framste dannelsesyrka i Norge

Unio-leiar Ragnhild Lied helste i dag landsmøtet til Bibliotekarforbundet som også har 30-årsjubileum i år.

– Bibliotekarar er forvaltarar av kunnskap og læring. De har ansvar for biblioteket som ein viktig møteplass for alle, uansett økonomisk evne, utdanningsnivå og funksjonsnivå. Ja, uansett kven ein er, sa Unio-leiaren og viste til at biblioteket er ein møteplass for debatt, meiningsutveksling og kunnskapsdeling.

– I ei polarisert tid der falske nyheiter florerer, samstundes som både lesing og kjeldekritikk er under press, har de som bibliotekarar ein viktigare funksjon enn nokon gong, sa Lied og viste til at bibliotekaryrket er eitt av dei framste dannelsesyrka i Norge.

Fagorganisering gir styrke

Unio-leiaren viste til at fellesskap og fagorganisering gir styrke og at Unio som hovudorganisasjon mellom anna skal støtte og forsterke medlemsforbunda på ulike arenaer.

Takka av forbundsleiar

Lied takka også av forbundsleiar Veronicha Angell Bergli, som har møtt i Unio-styret sidan 2020.

– Kjære Veronicha. Du markerte deg frå dag ein som ein konstruktiv og tydeleg røyst i Unio-familien. Eg har sett stor pris på engasjementet ditt, kunnskapen din og ikkje minst det særs gode humøret ditt. Det kjem eg til å sakne. Eg vil takke deg og Bibliotekarforbundet for eit svært godt samarbeid og ser fram til framleis godt samarbeid med ny leiing, sa Lied.

– Takk for meg, lukke til med landsmøtet og gratulerer med 30-årsjubileumet, sa Lied.