Høge forskingsambisjonar i følgje med reduserte budsjett

– Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning har høge ambisjonar for norsk forskingsinnsats, både nasjonalt og internasjonalt. Men når regjeringa legg fram planen same dag som ho legg fram eit budsjett med store kutt i grunnløyvinga til universiteta og høgskolane, fell diverre trua på gjennomslagskrafta i meldinga, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Regjeringa har lagt fram ei ambisiøs melding om forsking og høgare utdanning.

– Eg er glad for at meldinga inneheld nye tema som forsking på helse, samfunnssikkerheit, beredskap, tillit og fellesskap. Dette er tema Unio fremma som prioriterte område i sitt innspel til langtidsplanen. seier Lied.

Ho meiner meir forsking på desse områda er avgjerande for at vi framleis skal ha eit demokratisk og berekraftig samfunn med høg tillit, god beredskap og ikkje minst gode offentlege velferdstenester.

– Eg merkar meg særleg at regjeringa vil prioritere kjønnsskilnader i helse med eit særleg fokus på kvinnehelse. 77 prosent av medlemmane i Unios forbund er kvinner, og dei jobbar i store og samfunnskritiske sektorar. Eg håpar forskinga inkluderer arbeidsmiljøutfordringar i desse yrka. Vi må få svar på kvifor mange er sjukemeldte, og kvifor ikkje fleire står i jobb til dei når pensjonsalder.

Midlar til forsking må aukast, ikkje reduserast

Pandemi, krig og klima-, miljø og energikriser pregar samfunnet vårt i stor grad.

– For å takle desse og komande krisar, må vi sikre god beredskap og tillit i samfunnet. I dag har vi ikkje nok forskingsbasert kunnskap til å takle komande krisar. Derfor er det synd at denne regjeringa held fram med å kutte i løyvingane til universiteta og høgskolane. Dette reduserer handlingsrommet til å initiere forsking på fleire av områda i langtidsplanen. Eg hadde håpa at tida var omme for store kutt, som rammar tilsette, studentar og den viktige forskinga. Diverre ser det ut til at regjeringa vil halde fram slik førre regjering gjorde, avsluttar Ragnhild Lied.

Regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning finn du her