Meir kunnskap og samarbeid for å nå berekraftsmåla

I går vart rapporten om profesjonane og berekraftsmåla lansert på ein Fafo-frukost. Rapporten viser at Unio er på rett veg, men er tydeleg på at det trengs betre kunnskap og meir samarbeid i berekraftsarbeidet.

Her kan du sjå opptak av sendinga frå Fafo-frukosten

FNs berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempa mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Tek pulsen på berekraftsarbeidet

Unio ga saman med Utdanningsforbundet, Norsk Sjukepleiarforbund og Forskarforbundet forskingsstiftinga Fafo i oppdrag å undersøke arbeidet med berekraftsmåla blant tillitsvalde og medlemmar.

Rapporten er utarbeidd av Fafo-forskarane Åge Arild Tiltnes og Tor Halvorsen. Han freistar å ta pulsen på arbeidet med FNs berekraftsmål blant tillitsvalde og medlemmar i tre av Unio-forbunda. Blant spørsmåla som vert stilt, er kor godt ein kjenner berekraftsmåla, i kva grad ein forheld seg til måla og korleis ein ser for seg ei styrking av arbeidet med måla framover. Unio sitt berekraftsutval har vore referansegruppe for forskarane.

Både Unio-leiar Ragnhild Lied, nestleiar Silje Naustvik i Norsk Sjukepleiarforbund og nestleiar Kristin Dæhli i Forskarforbundet trakk fram trepartssamarbeidet som ein sentral arena for berekraftsarbeidet.

Meir kunnskap og samarbeid

Det samla inntrykket er at Unio har eit grunnlag og ein grunnplan som kan spele ei avgjerande rolle i realiseringa av FN-agendaen gjennom det profesjonelle engasjementet for dei 17 berekraftsmåla. Men forskarane peiker på at det trengs meir kunnskap om berekraftsmåla, og etterlyser også meir og betre fleirfagleg samarbeid i berekraftsarbeidet.

Anbefalingar

Forskarane kjem også med ein del anbefalingar: Nokre av desse er:

  • Drive opplysnings- og skuleringsarbeid.
  • Samle inn, systematisere og dele eksempel på beste praksis.
  • Styrke samarbeidet mellom forbunda lokalt.
  • Dra veksel på grunnplanet sin kunnskap og erfaringar i arbeidet med berekraftsmåla.
  • Innlemme fleire berekraftrelevante spørsmål på forhandlingsarenaen.
  • Styrke tillitsvalde si medverking i berekraftspørsmål.
  • Styrke verneomboda.
  • Styrke det profesjonelle kunnskapsgrunnlaget for fleirfagleg samarbeid og forståing.
  • Delta aktivt i det offentlege ordskiftet.
  • Styrke tilliten til det profesjonelle skjønn.
  • Styrke kunnskapen om behovet for nasjonal og global omstilling – og samanhengen mellom desse.

Tema på Unio-kongressen 2021

Berekraft og klima er eitt av tre hovudtema når Unio om ein knapp månad for fyrste gong i sin 20-årige historie arrangerer kongress. Rapporten vil inngå som ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget når kongressen skal debattere og meisle ut ny politikk.