– Fullført vidaregåande opplæring er det sikraste tiltaket mot utanforskap. Utvida rett var eit av dei viktigaste tiltaka til Liedutvalet, og eg er glad for at den er på plass i regjeringas fullføringsreform. Ei satsing for å få fleire i utdanning og arbeid bidrar til å redusere utanforskap, seier leiar i Unio, Ragnhild Lied.
Den utvida retten inneber at unge og vaksne får moglegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse, og at dei som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, får tilbod om å ta fagbrev.
– Vi er allereie godt kjende med at personar utan fullført vidaregåande opplæring har større sjansar for å hamne utanfor arbeidslivet, og at dei i større grad blir avhengige av helserelaterte ytingar. Vi har sett at pandemien har forsterka dette, og det er viktigare enn nokon gong å satse sterkt på fullføring i vidaregåande opplæring, seier Lied.
– Difor er det viktig at regjeringa vidareførar og trappar opp denne satsinga i neste års budsjett. Det må ei brei satsing til for å motivere unge og vaksne til å fullføre utdanninga. Satsinga i neste års budsjett må vere starten på ei større satsing for at vi skal lukkast i kampen mot utanforskap, sluttar ho.