– Godt over 20 milliardar kroner er hittil sendt kommunane under pandemien. Det er bekymringsfullt at vi ikkje veit kor desse pengane tar vegen, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.
I eit brev til kunnskapsminister Guri Melby ber Unio og Utdanningsforbundet om at statsråden tar initiativ til å finne ut kor den ekstra støtta til kommunane har end opp.
– Vi ber statsråden finne ut kor pengane faktisk blir av, uttaler Lied.
Regjeringa har støtta næringslivet og kommunane med store summar under pandemien. Men pengane blei sendt til kommunar og fylkeskommunar utan tydelege kriterium for kva for utgifter som skulle bli kompensert. Dette har ført til stor usikkerheit i barnehagar og skolar. Ekstra utgifter har blitt dekka innanfor ordinære budsjett. Verken vikar- eller overtidsbudsjett har auka. Og der barnehagar og skolar har fått dekka ekstra utgifter, har dei fått eit langt lågare beløp enn faktisk behov.
Unio-leiaren meiner dette er svært bekymringsfullt.
– Vi forventar at regjeringa tar ansvar for å sikre at alle ekstra kostnader for barnehagar og skolar blir dekt, slik at barn og unge får den opplæringa dei fortener og har rett på. Ein god start vil vere å finne ut kor pengane blir av. Viss ikkje, fryktar vi at barn og unge betaler dobbelt under pandemien – først ved stengte barnehagar og skolar, deretter ved eit kvalitativt dårlegare tilbod fordi koronautgifter er betalt med ordinære driftsmidlar.
– Staten har effektivt støtta eit koronaramma næringsliv ved hjelp av framtidige generasjonars sparepengar. No må regjeringa ta ansvar for at ekstra koronamidlar til barnehagar og skolar kjem fram dit dei skal, avsluttar Unio-leiar Ragnhild Lied.
Brevet til kunnskapsministeren kan du lese her