– Betydeleg rom for vidare vekst

Unio-leiar Ragnhild Lied var innom både trepartssamarbeidet og streiken i staten i sin tale på Unio-konferansen på Sundvolden Hotel. Ho avslutta med å oppmode Unio til å legge til rette for vidare vekst – også frå privat sektor.

Nødvendig streik

Streiken i staten var viktig og nødvendig, slo Unio-leiaren fast. Etter tvungen lønnsnemnd og rikslønnsnemnd fekk Unio og Akademikarane behalde sin tariffavtale. Avtalen var eit viktig grep for at utdanning skal lønne seg, også i staten.

– Saman viste vi styrke. Ei stor takk til dei streikande, forbund, forhandlingsutval og ikkje minst ei stor takk til forhandlingsleiar Guro Lind, som var ein imponerande frontfigur for oss alle, sa Lied.

– Men lønnskampen er ikkje vunnen med dette. Unio skal halde fram lønnskampen på brei front – i alle tariffområde, sa Lied.

Meir makt og innflytelse

– I mine år som Unio-leiar har eg opplevd eit fantastisk godt kollegaskap og samhald i Unio. Til tross for at forbunda er ulike, har eg opplevd ein større og større vilje til å søke meir felles makt og innflytelse, sa Lied.

Ho viste til at både storleiken og mangfaldet i Unio gir meir truverdigheit og styrke.

– Men her er betydeleg rom for vekst. Eg meiner vi har plass til fleire. Eg håpar framtidas Unio vil ha vilje og mot til å ønske fleire medlemmar velkomne inn i fellesskapet vårt, også frå privat sektor. For det er fleire som deler Unio-verdiane, sa Unio-leiaren.

Sterkare saman

Lied peika på at det er medlemsforbunda som skaper Unio og at hovudorganisasjonen ikkje skal erstatte, men forsterke forbunda.

– Med fleire medlemsforbund frå det breie lag av arbeidslivet blir vi sterkare. Sterkare saman, sa Unio-leiaren.

Lied avslutta med å takke for tillit og godt samarbeid gjennom 9 år som Unio-leiar og ønskte ny politisk leiing lukke til med arbeidet framover.

Sjå Unio-leiar Ragnhild Lieds tale på Unio-konferansen: