Høgare utdanning er ein sikker veg til jobb

Vi kan trygt friskmelde samfunnet frå mastersjuka, seier Unio-leiar Ragnhild Lied etter at resultata frå Kandidatundersøkinga blei publiserte i dag.

 Til tross for ein sterkt vekst i talet på masterutdanna dei siste 12 åra, viser ferske tal frå Kandidatundersøkinga at dei aller fleste er i relevant jobb allereie 6 månader etter avslutta studiar. Rett nok ser det ut til at nyutdanna møtte litt større utfordringar i 2023 enn i 2021. Likevel viser tala at arbeidsløysa blant nyutdanna med mastergrad er lågare i 2023 enn gjennomsnittet for heile perioden 2011 – 2023.

– Dette er eit klart signal om at samfunnet vårt treng alle som tar høgare utdanning, uttalar Lied.

Ikkje overraskande var det nyutdanna i profesjonsstudiane som i størst grad rapporterte om at dei var i relevant jobb like etter avslutta studier. Masterkandidatar med lærarutdanning og utdanningar i helse- og sosialfag opplever i liten grad arbeidsløyse eller andre former for mistilpassing i arbeidsmarknaden.

– Eg noterer meg at tre av fire nyutdanna i lærar- og pedagogikkutdanningar svarer at mastergrad er eit passande utdanningsnivå for jobben dei skal gjere. Krava til både lærarutdanningane og andre profesjonsutdanningar må vere høge, skal vi klare å møte dei stadig meir komplekse krava i kompetansesamfunnet, avsluttar Ragnhild Lied.