På Norsk Sykepleierforbund sitt landsmøte vart forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen attvald for fire nye år. Kai Øivind Brenden rykka opp til fyrste nestleiar, og Gro Lillebø vart av landsmøtet vald til ny andre nestleiar.
Unio-leiar Ragnhild Lied gratulerer med valet.
– Norsk Sykepleierforbund, med sine 130.000 medlemmar, er det nest største forbundet i Unio og ein viktig maktfaktor i helsepolitikken og i helsevesenet. Eg har lang og svært god erfaring med å samarbeide med både Lill og Kai Øivind og ser fram til at det gode samarbeidet nå også hald fram med Gro i leiinga, seier Unio-leiaren.
Les også Lill Sverresdatter Larsen gjenvalgt for 4 nye år.