Karianne Skoland får Verneombodsprisen 2023

Verneombodsprisen 2023 går til hovudverneombod for skule i Kristiansand kommune, Karianne Skoland. – Mottakaren av årets pris er klok, dyktig og dedikert i arbeidet sitt som hovudverneombod, sa Unio-leiar Ragnhild Lied då ho ga Skoland prisen.

 

Prisvinnaren blir sett på og blir brukt som en ressurs på området. Karianne Skoland deler gjerne av kunnskapen sin. Skoland har blant anna halde innlegg om arbeidsmiljø for politikarar, på leiarsamlingar og på samlingar for arbeidsplasstillitsvalgte. Prisen fekk ho på Unios verneombodskonferanse, VOK 2023 i Drammen.

Opp mot 100.000 verneombod

Det skal vere eit eller fleire verneombod i alle verksemder med ti tilsette eller meir. Truleg er det opp mot 100 000 verneombod i Noreg. Likevel får verneomboda forhaldsvis lite merksemd i det offentlege rom. Unio oppretta difor i 2017 ein verneombodspris. Den skal skape meir merksemd rundt vernetenesta sitt arbeid, og vere med på å løfte fram og auke statusen på arbeidet som verneomboda utfører.

Dedikert prisvinnar

Juryen for verneombodsprisen trakk fram at Karianne Skoland tek seg tid til å setje seg inn i krevjande saker og situasjonar. Ho opparbeider seg på den måten mykje kunnskap. Gjennom sitt engasjement for arbeidsmiljøarbeidet får ho andre til å bli interesserte for fagfeltet. Ho har sett både alvorlege og mindre alvorlege saker på agendaen for å fremje arbeidsmiljø og helse på arbeidsplassen.

Særleg verdt å løfte fram er prisvinnaren sitt arbeid innafor feltet vald og trugsmål på arbeidsplassane. Dette har vore et tema som har fått lokale media si interesse. Det har vore utfordrande å stå i opp mot arbeidsgjevarar og for dei einskilde verksemdene.

Modig verneombod

Prisvinnaren er ikkje redd for å seie frå og stille krav til leiarar. Eit døme er at ho stiller forventningar til arbeidsgjevarar og leiarar om viktigheita av oppfølging i etterkant av hendingar, og systematisk etterarbeid med opplevingar av vald og trugsmål på arbeidsplassen.

Prisvinnaren er særs oppteken av førebyggande arbeidsmiljøarbeid, og har sørga for å setje risikovurdering av arbeidsmiljøet på dagsorden. Ho har involvert bedriftshelsetenesta og Arbeidstilsynet i vernearbeidet når det har vore naudsynt, og har arbeida hardt og målretta for å ivareta dei tilsette sitt arbeidsmiljø og helse.

– Jeg er både ydmyk og beæret, og setter veldig pris på anerkjennelsen. Det er en tillitserklæring at det jeg gjør som verneombud legges merke til. Det gir også motivasjon til å fortsette i en rolle som kan være krevende, sa Karianne Skoland.

Hun berømmer lederne i Kristiansand for holdningen de har hatt til det forebyggende arbeidet. Blant annet har de stilt seg positive til at Arbeidstilsynet har ført tilsyn på fem av skolene i Kristiansand.

– Jeg vil berømme arbeidsgiver, som har lagt vekt på at disse tilsynene kan gjøre oss bedre. Kommunalsjefen uttalte til Fædrelandsvennen før tilsynet at vi helt sikkert ikke oppfylte alle kravene i arbeidsmiljøloven. Både rektorene og kommunalsjefen har ønsket Arbeidstilsynet velkommen og sett på dette som en mulighet til å bli bedre, sier Skoland.

Helse, miljø og sikkerheit

– Verneomboda har ei særs viktig oppgåve i norsk arbeidsliv. De skal sjå til at arbeidstakarane si helse, miljø og sikkerheit blir ivaretatt, at arbeidsmiljøet er fullt forsvarleg, helsefremjande og at arbeidsmiljølova blir følgt, sa Unio-leiar Ragnhild Lied då ho delte ut prisen.

I tillegg til merksemd, ære og eit diplom, får prismottakaren eit kunstverk som minne om prisen. I år er dette et litografi av Vebjørn Sand. Unio deler i år ut prisen for sjette gongen.