Lønnsoppgjeret, verdien av høgare utdanning, trepartssamarbeidet og mellombelse tilsetjingar var tema da Unio-leiar Ragnhild Lied opna Unio-konferansen 2022 på Sundvolden Hotel.
Unio-leiaren starta talen med krigen i Ukraina som eit dystert bakteppe og viste til at mange av Unio sine medlemmer er tungt involvert både i mottak og integrering av flyktningar.
– Det er vi budde på også framover, sa Unio-leiaren.
Dyrtid og fattigdom
Det er sjølvsagt langt frå krigen i Ukraina til den heimlege debatten om statsbudsjettet og norsk fattigdom.
– Vi snakkar om dyrtid – med rekordhøge energiprisar og generell prisauke. For somme er det rett og slett økonomisk krise. Særleg viss ein står utanfor arbeidslivet. Det er bra at regjeringspartia med SV si hjelp no rekker ut handa til mange som treng det, sa Ragnhild Lied.
Lønnsoppgjer, streik og tvungen lønnsnemnd
Lied viste vidare til at reallønnsveksten Unio kravde og forventa i årets tariffoppgjer berre er ein illusjon all den tid prisveksten er langt høgare enn lønnsveksten. Det vart ein krevjande situasjon i KS-området:
– Resultatet var ikkje godt nok for lærarane. Utdanningsforbundet sa nei, og gjekk til streik. Det gjorde også to andre lærarorganisasjonar. Streiken handla om lønn og lønnsutviklig. Men også om kva for utdanning ein lærar skal ha – og om rekruttering, sa Lied.
Ho viste til at regjeringa sitt einaste bidrag var tvungen lønnsnemnd. På syltynt grunnlag. Det er ikkje første gongen dette skjer.
– I 2021 blei Unio-streikar i KS og Oslo kommune stoppa med lønnsnemnd. Også på syltynt grunnlag, sa Lied og stilte spørsmål om kor reell streikeretten er.
– Svært mange framhevar kor viktig utdanning er. Kvifor møter då dei som har tatt lang utdanning så mykje motstand i lønnsoppgjer etter lønnsoppgjer, sa Lied.
Trepartssamarbeidet
Regjeringserklæringa er gjennomsyra av formuleringar om forpliktande trepartssamarbeid. Men meiner regjeringa alvor? spurte Unio-leiaren.
– Vi respekterer at LO og AP har eit historisk tett forhold. Vi veit at LO er eldst og størst. Men det nye er at dei tre andre hovudorganisasjonane, med sine forbund, representerer meir enn halvparten av dei fagorganiserte her til lands. Difor taper både samarbeidet og politikken dersom LO og NHO heile tida har forkøyrsrett, sa Lied.
Arbeidsmiljølova og innleige
Regjeringa er på rett veg i arbeidsmiljøpolitikken. Det er bra at heile og faste stillingar skal vere regelen i arbeidslivet og at det skal strammast kraftig inn på bruken av mellombels tilsetjing og innleige.
– Vi har i årevis høyrt lovnader om å få ned bruken av mellombels tilsetjingar i UH-sektoren. Det er bra å love. Men endå betre å halde! sa Lied.
Ho viste til at Stortinget i neste veke vil stramme inn arbeidsmiljølova når det gjeld bruk av innleige og bemanningsbyrå. Det er positivt, men Unio og helseforbunda reagerer sterkt på at det samstundes blir sendt ut ei forskrift på høyring som opnar for meir bruk av innleige i helse- og omsorgssektoren. Dette heng ikkje i hop.
– Det kan ikkje vere slik at helsesektoren skal bygge beredskapen på innleige frå bemanningsselskap. Det heng heller ikkje i hop å legge til rette for frislepp av vikarar i helsesektoren, samstundes som ein strammar inn i andre sektorar, sa Lied.
Kunnskap er den nye oljen
Det er stramme økonomiske tider, og regjeringa maner til måtehald i offentleg pengebruk. Men det vi som samfunn ikkje har råd til, er å redusere investeringane i kunnskap, påpeika Unio-leiaren. Det har vore gjentatt og gjentatt – så godt som tverrpolitisk og unisont:
– Det er kunnskap vi skal leve av. Kunnskap er den nye oljen. Kunnskap er grunnlaget for det grøne skiftet, sa Lied, og viste til at utdanning og kunnskap er basisen for helsepolitikken, for arbeidslivspolitikken, for næringspolitikken. Kunnskap må kort og godt vere ein berebjelke i utviklinga og styringa av samfunnet, sa Lied.
Verdien av høgare utdanning
Kampen om arbeidskraft og kompetanse blir antakeleg tøff framover. Det er gammalt nytt. Men Unio-leiaren minna om at Noreg er i botnsjiktet blant OECD-landa når det gjeld personleg avkastning på utdanning. Lønnspremien er låg. Ekstra dårleg løner det seg å ta høgare utdanning og deretter arbeid i offentleg sektor.
Fleire utdanningar gjev til og med negativ avkastning slik SSB på nytt har dokumentert. Det vil seie at ein tener mindre i løpet av livet, enn viss det høgste utdanningsnivået er fullført vidaregående opplæring.
– Vi har i fleire år peika på rekrutteringsutfordringane og er ikkje overraska over funna til SSB. Svaret er klinkande klart: Utdanning må løne seg betre! sa Ragnhild Lied.
Frontfagsmodellen
Statsministeren har varsla at det skal settast ned eit utval som skal sjå på utfordringane for norsk økonomi og lønnsdanning, og dermed på frontfagsmodellen.
Det har vore fleire utgreiingar om frontfagsmodellen dei seinare åra. Det er nok i seg sjølv eit teikn på at modellen må utviklast.
Gir oss aldri på lønn
Unio-leiaren avslutta si tale med å oppfordre til innsats på mange felt. Vi skal:
- Gjere vårt for at trepartssamarbeidet fungerer og leverer.
- Gjere det vi kan for å bygge bru mellom offentleg og privat sektor. Vi er avhengige av kvarandre i dette landet.
- Invitere til samarbeid med arbeidsgjevarane. Og strid om nødvendig!
- Medverke til det grøne skiftet: Noreg er ein sjøfartsnasjon – her ligg ressursar og kompetanse som kan utnyttast langt betre i klimaarbeidet.
- Gjere vårt for å bygge eit anstendig og likestilt arbeidsliv.
- Gjere det vi kan for at IA-avtalen skal levere. Vi skal ikkje minst sette fokus på arbeidsmiljøet – særleg det psyko-sosiale arbeidsmiljøet
- Gjere vårt for å utvikle velferdsstaten – gode tenester, helse, utdanning, næringsliv og tryggleik i kvardagen er flaggsaker.
– Unio-medlemmer er der for deg frå vogge til grav! Til slutt: De kjenner Kiwi-dama som stadig gjentar: – Vi gir oss aldri på pris. Her står ei Unio-dame: – Vi gir oss aldri på lønn, avslutta Unio-leiar Ragnhild Lied til stor applaus frå salen.
Se Ragnhild Lieds tale her: