Mange hundre hadde møtt opp på Torgallmenningen i Bergen for å vise si støtte til dei streikande lærarane ved Bergen Kristne Grunnskole torsdag ettermiddag.
Utdanningsforbundet og Unio samla fagrørsla for ei stor støttemarkering for dei 12 streikande lærarane ved Bergen Kristne Grunnskole. Lærarane har no stått i Noregs lengste lærarstreik for å få noko så grunnleggjande som ein tariffavtale.
– Da Bergen Kristne Grunnskole i sommar tilsette nye lærarar i stillingane til dei streikande, gjekk denne streiken frå å vere ein liten streik i Bergen til å bli ein streik som har rysta heile den norske fagrørsla, seier Geir Røsvoll, leiar i Utdanningsforbundet.
Heile fagrørsla samla

Han meinte det har vore lett å mobilisere til denne dagen i Bergen da han såg utover fanane på Torgallmenningen:
– Heile breidda i den organiserte fagrørsla er her! Dette er eit krav alle har vilja reise fana si for!
Røsvoll trur at dette er ei sak som engasjerer fleire enn lærarane:
– Denne streiken går til kjernen av kva det norske arbeidslivet er, og kva det skal vere. Han handlar om faste spelereglar og likestilling mellom partane. Han handlar om omfattande streikebryteri og han handlar om ein part som ikkje vil forhalda seg til det vi til no har trudd er heilt vanlege spelereglar i arbeidslivet.
Tariffavtalar noko av det klokaste

Han fekk full støtte frå leiar i Unio, Steffen Handal:
– I møte med ein arbeidsgivar står den enkelte arbeidstakaren åleine. Med lita påverknadskraft. Derfor organiserer vi oss. Vi forhandlar. Vi inngår avtalar. Og vi forpliktar oss, seier Unio-leiaren og legg til:
– Tariffavtalar er noko av det klokaste vi har fått til i norsk arbeidsliv.
Trass i regnet var det stort oppmøte frå heile landet og med faner frå heile fagrørsla.
Blant dei andre appellantantane var Henriette Jevnaker, 1. nestleiar i LO, Hans Erik Skjæggerud, som leiar YS, og Eva Klokkerud, som leiar Spir.
Streikemarkeringen skapte stor oppmerksomhet
Blant mange pressefolk var også NRK på plass. Les saka her. Eller sjå intervjuet med streikande Mirela Mathiassen og leiaren i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, her: Distriktsnyheter Vestlandsrevyen – NRK TV. Innslaget kjem 4 minutt og 50 sekund ut i sendinga.
Les òg om korleis hundrevis hyllar Kathrine Totland og dei andre streikande lærarane ved Bergen Kristne Grunnskole i Bergensavisen.
Streikebryteri ved Bergen Kristne Grunnskole opptek no heile fagrørsla. Les meir i Fri Fagbevegelse.
LO støttar streiken og sende toppleiinga til Bergen for å halde appell på streikemarkeringa i dag, LO-forbundet Skolenes Landsforbund støttar òg lærarkollegaene i Utdanningsforbundet.


