Står auka akademisering i vegen for arbeidslivsrelevans i profesjonsutdanningane?

Dette var eit av spørsmåla Unio-leiar Ragnhild Lied fekk i ein panelsamtale på konferansen «Kvalitet og tilgjengelighet for fremtidens behov».

Både Lied og dei tre andre paneldeltakarane svarte unisont nei på spørsmålet. Lied understreka i sitt innlegg at profesjonsutdanningane er høgare utdanningar som kvalifiserer til bestemte yrke, dei er kjenneteikna av obligatorisk praksis og har forsking som sentral kunnskapskjelde. Profesjonsutøvarane har både ein fagleg og ein profesjonsetisk plikt når dei skal utføre oppdraget sitt til beste for barn, elevar, pasientar eller klientar.

Derfor er det viktig at profesjonsutøvarane får høg forskings- og erfaringsbasert kunnskap gjennom grunnutdanningane.

– Å jobbe erfaringsbasert vil seie at vi har med oss forskingsbasert kunnskap, og at vi kan omsetje denne kunnskapen i det daglege virke, understreka Lied i debatten.

Forståing for, og erfaring med, vitskaplege metodar og tenkemåtar er avgjerande for å kunne bidra til den faglege utviklinga på arbeidsplassen, men det er også avgjerande når ein profesjonsutøvar står i konkrete situasjonar og skal ta raske avgjersler med stor innverknad på andre menneskes liv.

– Felles refleksjon rundt det viktige oppdraget i profesjonsutdanningane må starte allereie i grunnutdanningane. Derfor vil eg slå eit slag for å få heiltidsstudenten tilbake til campus, avsluttar Lied.