Reagerer sterkt på at universitet og høgskular mister rett til å leggje ned studiestader

Regjeringa la i dag fram forslag til ny lov om universitet og høgskular. Eit av forslaga er å overføre avgjersler om nedlegging av studiestader frå institusjonane til politiske styresmakter.  – Dette reagerer eg sterkt på. Regjeringa lyttar ikkje til ein samla sektor, og bryt med eit av dei viktigaste prinsippa i sektoren, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Statsråden for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, står på sitt. Han meiner det har vore ein manglande demokratisk kontroll over nedlegging av studiestader og at nedlegging av studiestader er eit politisk ansvar.

Saman med heile resten av UH-sektoren åtvara Unio sterkt mot denne endringa då forslaget var på høyring.

– Dei statlege universiteta og høgskulane har særskilte fullmakter og institusjonell autonomi, og det er eit av dei viktigaste prinsippa vi har i sektoren. Her har regjeringas prestisjeprosjekt, tillitsreforma, fått seg eit kraftig skot for baugen, seier Lied.

Vil få bukt med den omfattande bruken av midlertidige stillingar

Men ikkje alt er svart i regjeringa sitt forslag til ny UH-lov. Regjeringa strammar mellom anna  inn bruken av midlertidige stillingar.

– Altfor mange vitskapeleg tilsette har uryddige arbeidstilhøve i akademia, dette er noko Unio har vore oppteken av lenge. At regjeringa i det nye lovforslaget no strammar inn denne bruken, er positivt. Men det er likevel viktig å følgje utviklinga over tid og med fleire grep, det er ikkje alltid nok å stadfeste det i regelverket, understrekar Lied.

Styrka akademisk ytringsfridom

Det nye lovforslaget styrkar den akademiske ytringsfridomen og tydeleggjer forskaranes rett og plikt til å formidle.

– Formidlingsansvaret et ein av dei sentrale oppgåvene i UH-sektoren. Å skape gode miljø for å kunne ytre seg er ein føresetnad for å delta i samfunnsdebatten. Det skal vere lov å tenke nye tankar, å vurdere alle sider ved ei sak, utan å risikere hets og truslar. Å verne om den akademiske fridomen i lova er eit godt steg i rett retning, avsluttar Ragnhild Lied.