Store forventingar til helsepersonellkommisjonen

– Helsepersonellkommisjonen har fått ei særs viktig oppgåve, og vi har store forventingar til at kommisjonen sitt arbeid skal gi konkrete resultat, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Rett før jul i fjor sette regjeringa ned ein kommisjon som skal vurdere tiltak for å utdanne, rekruttere og behalde nok personell i helse- og omsorgstenesta.

– Eit viktig initiativ, og på høg tid, uttaler Lied.

Unio har allereie gitt innspel til kommisjonen sitt arbeid.

– Fleire solide utgreiingar peikar på kva for utfordringar som ventar om vi ikkje klarar å rekruttere og halde på livsviktige yrkesgrupper i helsetenestene. Dette er ei utfordring i heile landet, men vi ser at særleg distrikta lir under mangel på personell. Den demografiske utviklinga gjer at problema vil vekse seg endå større i åra som kjem. Det er derfor tid for å handle. Fleire helseyrke må jobbe saman, vi må tenke førebygging, habilitering og rehabilitering, understrekar Unio-leiaren.

Fleire studieplassar i sjukepleiarutdanninga er ein god start, men her er det også flaskehalsar.

– Vi er særleg bekymra for kapasiteten, kvaliteten, relevansen og ikkje minst finansieringa av praksisstudiane. Vi ventar oss gode og konkrete tiltak for å betre på dette.

For at fleire skal velje helseyrka, og stå i dei, må arbeidsmiljøet og vilkåra til dei tilsette bli betre.

– Deltid er eit stort problem i helseyrka, og her må det tas grep som gir resultat, og det raskt. Unio har ved fleire høve peika på at arbeidsmiljølova og forskrifta må endrast slik at organisatoriske og psykososiale vanskar kan førebyggast, avsluttar Ragnhild Lied.