Unio-leiar Ragnhild Lied reagerer sterkt på at fagorganiserte medlemmer i Elkjøp blir nekta bonus. – Eg følgjer saka frå sidelina og er rysta over leiinga i Elkjøp sin praksis. Dette er verkar som eit forsøk på å hindre tilsette i å fagorganisere seg, seier ho.
På elleve Elkjøp-varehus har tilsette organisert seg med tariffavtalar. Det har gitt dei ulempetillegg og betre pensjonsopptening. Men dei får ikkje lenger ta del i Elkjøp si lukrative bonusordning. Bonusordninga er berre for tilsette utan tariffavtale. Det skriv E24.
– Eg er einig med Handel og Kontor som seier tapet av bonusen er eit pressmiddel for at dei tilsette ikkje skal organisere seg. Vi kan ikkje ha det slik at det skal få negative økonomiske følgjer å organisere seg, seier Ragnhild Lied.