Budsjettkrise i UH-sektoren – grensa er nådd

– UH-sektoren treng ei tverrpolitisk satsing på både utdanning og forsking, seier Unio-leiar Ragnhild Lied etter at Venstre inviterte til krisemøte på Stortinget.

– Årvisse kutt til sektoren må ta slutt. No treng vi ei solid opptrapping og stabile budsjett slik at universiteta og høgskulane kan gjere jobben sin. Derfor håpar eg Venstre følgjer opp og får med seg dei andre partia på ei slik satsing, uttalar Lied.

Går ut over beredskapen

Det var godt oppmøte og unisone tilbakemeldingar til Venstres politikarar på møtet onsdag 6. november. Lied var ein av fleire som peika på kor viktig forsking og høgare utdanning er for Noregs beredskap, og at beredskap krev at vi har ei breidde i fagtilboda.

– Vi treng meir utveksling og samarbeid med andre land. Den geopolitiske situasjonen krev at vi utdannar til disiplinfag innan kulturforståing og språk, i tillegg til dei viktige helsefaga, realfaga og teknologiske fag, seier Lied.

Glad for at Venstre tar tak

Unio-leiaren er glad for at Venstre følgde opp med konkret handling då Forskarforbundet arrangerte ei markering mot budsjett-kutta i førre veke.

– Sjølv om statsråden for høgare utdanning og forsking, Oddmund Hoel, hadde varsla eit kutt på førehand, var det eit sjokk å lese kva for konsekvensar dette får, ikkje berre for institusjonane, men for heile samfunnet.

– Vi har fått tilbakemeldingar som viser reduserte studietilbod, oppseiingar og nedbygging av viktige fagmiljø i nær sagt heile landet. Dette har vi ikkje råd til, og komande generasjonar fortener at vi investerer i den viktigaste kapitalen vi har – humankapitalen, fortset ho.

Forskinga får lite politisk merksemd

Sjølv om politikarar er raske til å peike på forsking og kunnskap som løysing på samfunnsutfordringane, er dei ikkje like raske på labben når det gjeld finansiering av forskinga.

– Det er nødvendig med stabile budsjett som gjer det mogleg å planlegge for langsiktig kunnskapsutvikling. Å bygge kunnskapsberedskap tar tid, uttalar Lied.

Meir til studentane

Unio har i årevis kravd at studiestøtta skal aukast til 1,5 G. Dette har vi kravd saman med fleire andre organisasjonar, ikkje minst Norsk studentorganisasjon.

– Studentane kan ikkje leve av studiestøtta, og når vi ser fleire budsjettkutt som utfordrar gratisprinsippet, er vi på veg mot eit samfunn der høgare utdanning er for dei rike og privilegerte. Derfor er bodskapen til politikarane klar: fjern alle usosiale kutt som utfordrar det viktige gratisprinsippet, og auk studiestøtta til 1,5 G allereie frå 2025, avsluttar Lied.