Unio-leiaren om årets oppgjer

Unio-leiar Ragnhild Lied.
Vi står framleis i ein situasjon der samfunnet og arbeidslivet er prega av koronapandemien. Som hovudorganisasjon har vi engasjert oss og medverka til både forslag og løysingar på dei utfordringane dette har ført til. Det skal vi halde fram med.
Publisert: 15. april 2021
Men no skal vi også inn i lønnsforhandlingar på vegne av dei yrka som har stått på for å handtere desse krevjande situasjonane. Det gjeld både dei som har stått heilt i front, dei som har stått litt bak og dei som har utført arbeidet sitt på meir ordinært vis. Alt dette til beste for velferdsstaten.
Både lønnsresultatet frå 2020 og erfaringane frå koronapandemien bør vere ein vekkar også for arbeidsgivarsida. Vi kan ikkje leve med ein situasjon der frontfagsramma blir brukt til å hindre rekruttering av grupper det er stort behov for. Og til å hindre både ei rettmessig lønnsutvikling og eit anstendig og rekrutterande lønnsnivå.
Unio går inn i dette mellomoppgjeret med krav om ei klar reallønnsutvikling for medlemmene våre.
Ragnhild Lied, Unio-leiar