Unio-leiaren sin replikk:

Kven skal styre landet?

I dag, 13. september, blir det avgjort. Meiningsmålingane tyder på at Jonas Gahr Støre overtar som statsminister etter Erna Solberg. Same kven som får fleirtalet på Stortinget, eller kven som blir statsminister, er ein ting sikkert: Krevjande oppgåver og prioriteringar står i kø. Mange vil oppleve at det er lettare å love i ein valkamp enn å innfri etterpå.

Publisert: 13. september 2021

For Unio er utgangspunktet klart. Vi er ein partipolitisk uavhengig hovudorganisasjon. Medlemmene er sjølve i stand til å avgjere kven dei skal røyste på. Vi vil ha dialog med alle partia på Stortinget, og skal samarbeide med den regjeringa som kjem til makta, utan omsyn til farge.

Eg vil peike på nokre få, men overordna krav og forventningar frå Unio, særleg til stortingsfleirtalet og den påtroppande regjeringa:

1. Trepartssamarbeidet

Vi forventar eit reelt trepartssamarbeid der alle hovudorganisasjonane blir likebehandla og involverte. Arbeidarpartiet må bryte sin eigen tradisjon der LO blir favorisert. LO er størst, men fleirtalet av dei yrkesaktive som er fagorganiserte er no i Unio, YS, Akademikerne og i nokre frittståande forbund.

2. Inntektspolitikk og lønn

Styresmaktene si rolle framfor tariffoppgjera har tradisjonelt avgrensa seg til å oppmode til moderasjon og til at alle skal følgje frontfagsramma. Det held ikkje lenger. Frontfagspraksisen fører til at utdanningsgruppene i offentleg sektor blir hengande etter i både lønnsutvikling og lønnsnivå. Det er eit politisk ansvar å medverke til å sikre kvaliteten og betre rekrutteringa til offentleg sektor. Særleg er mangelen på sjukepleiarar og lærarar kritisk.

3. Arbeidslivspolitikken

Fleire må i arbeid. Det er behov for fleire godt kvalifiserte i offentleg sektor, jf. førre punkt. 110 000 unge under 30 år er verken i jobb eller utdanning. 20 000 av desse er uføre. Dette er ein kime til større ulikskap. Difor må vi lukkast betre med å inkludere fleire i arbeidslivet. Innsatsen må målrettast og styrkast. Mange av Unios medlemsgrupper, enten det er i helse, utdanning, barnevern eller politi, arbeider med og for utsette personar og grupper, særleg unge. Denne kompetansen, utan kutt i ytingar, må brukast i arbeidet for å hindre utanforskap!

Kampen mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping, også til sjøs, må halde fram, og intensiverast!

Og ikkje minst må arbeidet med å redusere mellombels tilsettingar i universitets- og høgskulesektoren styrkast.

4. Ein kunnskapsbasert klimapolitikk

Utsleppa må ned. Det må skapast fleire grøne arbeidsplassar. Offentleg og privat sektor må samarbeide betre. Meir transport må over til meir miljøvennleg skipsfart. Forskingsinnsatsen må styrkast. Det gjeld innan teknologi og naturvitskap, men slett ikkje berre der. Vi snakkar om ei samfunnsendring som må dra nytte av kunnskap frå mange fagfelt. Difor må universiteta få handlingsrom til å leve opp til samfunnsoppdraget sitt. Det handlar ikkje berre om å foreslå løysingar og tiltak, men også om å kunne bruke den akademiske fridomen til å kome med kritiske vurderingar av tiltak og aktørar i spelet om framtida.

5. Reformer og involvering

Alle regjeringar vil sette preget sitt på samfunnsutviklinga. Reformer i offentleg sektor er eit viktig verkemiddel i så måte. Framtidige reformer, eller revurdering av tidlegare reformer, må i større grad trekke på kunnskap og erfaringar hos dei tilsette og organisasjonane deira. Då er ein konklusjon klinkande klar: Vi treng ikkje fleire NPM-inspirerte reformer og styringssystem!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv