Medbestemmelse under press?

Medbestemmelse for dei tilsette har ein solid tradisjon i norsk arbeidsliv. Ordninga er heimla både i lov- og avtaleverk, og i langvarig praksis. Dei tilsette skal, gjennom sine tillitsvalde, involverast i både i planlegging og dagleg drift på arbeidsplassen. Også når større endringar og nye strategiar blir drøfta, høyrer dei tillitsvalde naturleg med.

Publisert: 27. januar 2021

Av Unio-leiar Ragnhild Lied

Det er i alle fall slik vi vil at det skal fungere. Men det er også klare tendensar til at tradisjonen med at dei tillitsvalde er sterkt involverte er under press. I Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) sitt «Medbestemmelsesbarometer» rapporterer tilsette både i offentleg og privat sektor at medbestemmelseordningane har blitt svekte.

I offentleg sektor er det gjerne innføringa av nye og marknadsinspirerte styringsordningar som er hovudforklaringa. Sterkare økonomistyring, meir rapportering og kontroll og eit leiarskap som står lenger vekk frå det daglege arbeidet gir dårlegare vilkår for dei tillitsvalde. Dessutan ser det ut til å gjere vilkåra for det faglege skjønnet dårlegare. Tilsvarande utvikling ser ein også i privat sektor, særleg i dei store multinasjonale selskapa, der leiinga er ekstra langt unna.

Dette er kort og godt ei skadeleg utvikling. I det lange løp er det stor fare for at dette kan gå ut over både arbeidsmiljøet, tryggleiken for dei tilsette og dessutan ramme kvaliteten på det daglege arbeidet og på dei tenestene som skal leverast.

Det ser ut til at både tillit og bedriftsdemokrati står sterkast på mindre og mellomstore arbeidsplassar.

Vi kan dessutan slå fast at høg grad av tillit til styresmaktene og godt samarbeidsklima på arbeidsplassane har vore ein viktig bagasje i møtet med koronaepidemien, med strenge smittevernreglar og nedstenging av delar av arbeidslivet.

Det er med andre ingen grunn til å slappe av på krava om medbestemmelse, snarare tvert imot. Gjennom aktiv bruk på nye saksområde kan medbestemmelsesordninga bli vitalisert og styrkt, og kanskje til og med skape auka interesse for fagforeiningsarbeidet frå endå fleire.

I denne utgåva av Unio Perspektiv set vi søkelyset på medstemmelse knytt til arbeidet med viktige politiske prioriteringar i samfunnet, klimautfordringane og satsinga på livslang læring.

Arbeidslivet er ein viktig arena både for klimapolitikk og kompetansepolitikk. Då er det opplagt at medbestemmelse er ein avgjerande suksessfaktor, ikkje berre for dei tilsette, men også for dei politiske ambisjonane som ligg til grunn.