Streikestøtte frå Unio til maskinistane

Unios medlemsforbund, Det norske maskinistforbund (Dnmf), er i streik. Det er ein alvorleg situasjon. Dei streikande har Unios klare støtte.

Ein fagorganisasjon skal først og fremst ivareta eigne medlemmer.

Dnmf organiserer maskin- og elektrooffiserar i den norske maritime næringa. Dnmf er i streik for medlemmene i havfiskeflåten.

Medlemmene har gjennom årets hovudtariffoppgjer tydeleg signalisert viktigheita av vedlikehald av avtalen gjennom ei heving av hyresatsane.

Den er eit avgjerande lønnselement for det maskinfaglege arbeidet, men har berre vorte justert tre gonger dei siste ti åra. Arbeidsgjevarane må bere ein god del av ansvaret for konflikten.

Unio støttar maskinistane i kampen deira.

Les meir her