Nok eit år med kutt i høgare utdanning

Unio er sterkt kritisk til regjeringas nedprioritering av høgare utdanning og forsking. – Eg har forståing for at det er mange sektorar som treng pengar, men desse kutta viser at regjeringa ikkje fattar kor viktig forsking og høgare utdanning er mellom anna for beredskapen vår. Kunnskap og forsking er samfunnsberedskap, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Mange år med kutt i høgare utdanning merkast. Det siste året har vi lest om nedbemanning og reduserte studietilbod i høgare utdanning.

Kutta held fram

Men dette ser ikkje ut til å skremme regjeringa. Reduksjonen i rammefinansieringa til universiteta og høgskulen held fram, med ei realnedgang på 3,5 prosent til forsking og utvikling.

I følgje budsjettet frå Kunnskapsdepartementet skal reduksjonen «frigjere midlar til omprioriteringar innanfor det samla budsjettforslaget frå regjeringa».

– Kunnskap og kompetanse er svaret på nær sagt alle utfordringar, likevel ser det ikkje ut til at regjeringa tar dette godt nok innover seg. Forskingsbaserte utdanningar er investering, ikkje berre utgifter, seier Lied.

Ikkje god nok satsing på studentar

– Det er positivt at regjeringa ser på nye låneordningar for vaksne som ønsker vidare utdanning. Men det er likevel først og fremst grunnutdanningane, og vilkåra til studentane, som skal sikre nok tilgang på høgt utdanna i åra som kjem, seier Lied.

Unio har lenge kravd at utdanningsstøtta skal hevast til 1,5 G, og knytast til grunnbeløpet i folketrygda. Dagens budsjett går i motsett retning.

– Det er trist å lese at regjeringa ikkje satsar meir på ei studiestøtte som ville gi studentane betre vilkår til å studere på heiltid. Neste års budsjett vil gi ei reell nedgang i støtta til studentane, og vil ikkje gi betre høve til å konsentrere seg om studia.

Eit anna nedslåande innsparingstiltak er å gi institusjonane høve til å ta eksamensavgift for studentar som vil betre resultata sine.

– Ei nokså kreativ forståing av gratisprinsippet, avsluttar Ragnhild Lied.