Samordna opptak: Fleire vil bli sjukepleiar, færre vil bli lærar

I dag vart søkertala til til høgare utdanning offentleggjort av Samordna opptak. 4,7 prosent fleire har søkt seg til universitet og høgskular enn i fjor. 

Forutan pandemi-åra har det aldri vore fleire søkarar til høgare utdanning gjennom Samordna opptak, ifølgje Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

– Det er svært gledeleg at fleire ser verdien av å ta høgare utdanning, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Unio-leiaren meiner det er positivt at fleire søker sjukepleieutdanninga. Men ho er samstundes svært uroa over at det er framleis er nedgang i dei samla søkertala til lærarutdanninga.

Fleire vil bli sjukepleiar

Lill Sverresdatter Larsen

Fleire unge har satt opp sjukepleiarstudiet som fyrsteval. Det er også fleire menn som ønskjer å bli sjukepleiar

– Det er positivt at mange unge søker seg til det vi mener er verdens fineste yrket. Sykepleie er et sikkert jobbvalg for fremtiden og en allsidig utdanning med mange muligheter. Sykepleiermangelen er blant de viktigste problemene vi som samfunn må løse, seier forbundsleiar i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen.

Tidlegare erfaringar har vist at det ikkje alltid er samsvar mellom søkertala, og kor mange som faktisk møter til studiestart i august.

Framleis nedgang i søketal til lærarutdanning

Tala viser diverre framleis nedgang i dei samla søketala til lærarutdanningane. Det er femte året på rad med nedgang. Verst står det til med grunnskulelærarutdanninga, både for utdanningane til trinn 1–7 og 5–10.

Geir Røsvoll

Søketala for barnehagelærarutdanninga held seg stabilt frå fjoråret, men er likevel det dårlegaste talet på 10 år. Samla er nedgangen på fyrstegongssøkjarar til lærarutdanningane på 4,2 prosent.

– Læraryrket er eit flott yrke og eitt av dei viktigaste vi har. Difor er framleis nedgang i søketala dramatisk, seier leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, og etterlyser tiltak som kan betre lønnsutviklinga og arbeidsvilkåra for lærarane i skulen og i barnehagane.

Les også:

Økt antall førstevalgsøkere til radiografstudiet

Svak økning i antall søkere til ergoterapi – Ergoterapeutene