Vanskeleg klima for klimadebatt

Klimadebatten har tronge kår om dagen. I eit nyhetsbilete som dei siste åra har vore prega av pandemi, Putin sitt angrep på Ukraina, krigen i Gaza, prisauke og dyrtid, kan ein forstå det, skriv Ragnhild Lied i Dagens Perspektiv.

Unio-leiaren meiner det er verre at falske nyheiter finn seg alt for godt til rette i klimadebatten. Det slår beina under ein debatt basert på forsking og kunnskap.

I ein EU-studie frå 2022 skil Noreg seg ut med ei uvanleg høgt tal på det ein no kallar klimaskeptikarar.

Heile 1 av 4 nordmenn trur ifølgje studiet ikkje at menneskeleg aktivitet påverkar klimaendringane. Nordmenn scorer også lågast på andelen som meiner at klimaendringar vil få eller har fått konsekvensar for landet eller enkeltmenneske.

Usikker på årsaka

Forskarane bak studien er usikker på årsaka til dei norske resultata, men trekk fram at det kan henge samen med at Noreg har vist seg å vore relativt godt rusta i møte med klimaendringane, og at det kan vere ein samanheng med Noreg som ein oljeavhengig nasjon.

– Det er vanskelig å se for seg at mønsteret blant nordmenn ikke har noe med vår avhengighet av olje å gjøre. Folk i Norge har slik sett ingen umiddelbar interesse av å ta dystre klimabudskap innover seg, seier forskar Torbjørn Gundersen ved UiO.

Men han poengterar at dei per no ikkje har grunnlag for å forklare kvifor Norge skil seg ut på flere punkt i denne studien.

Les innlegget her