– Utvikling av eit mer berekraftig, inkluderande samfunn med minst mogleg skilnader og der vi tar vare på naturen og klima står sentralt i Unio sin politikk. Det sa Unio-leiar Ragnhild Lied på Unios klimakonferanse.
Målet med konferansen er å få meir kunnskap om klima- og berekraftspolitikken. Vi spurde kva for drivarar og målsetjingar som finst på området.
Kva for rolle har offentleg sektor og partane i arbeidslivet? Kva rolle bør vi ta i det grønne skiftet?
Difor inviterte vi mellom anna forskarar, klimaekspertar, leiande politikarar og partane i arbeidslivet til Unio si første klimakonferanse.
Varig engasjement for klima og bærekraft
Unio har sidan 2001 hatt eit engasjement for klima og berekraft.
Vi har alt frå politifolk, lærarar, sjukepleiarar og prestar til forskarar og maskinistar med fleire i våre rekker. Også mange klimaforskarar er i Unio sine rekker. Sidan dei 17 berekraftsmåla blei vedtatt av FN i 2015, har både Unio og mange av våre forbund engasjert seg i berekraftsarbeidet.

– Jeg opplever Unio som langt fremme i skoa i klimapolitikken. Dere er utålmodige og pådrivere og bruker trepartssamarbeidet godt . Og det vil jeg takke dere for, sa næringsminister Jan Christian Vestre på Unios klimakonferanse.
Vi treng ein debatt basert på kunnskap
Klimadebatten er prega av store motsetnader. Så mange som 1 av 4 nordmenn er klimaskeptikarar, ifølge fleire undersøkingar.
Det er ein høg andel samanlikna med mange andre europeiske land.
Det går fram av Unios formålsparagraf at Unio skal vere den hovudorganisasjonen som best ivaretar universitets- og høgskuleutdanna sine interesser ved å arbeide for høgare verdsetjing av kunnskap, forsking, kompetanse og ansvar.
Det betyr også ansvar for å bidra til at vi når klima – og berekraftsmåla. Såleis vil vi jobbe for ein debatt basert på kunnskap og forsking. For det er lite tvil om at offentleg sektor har ei nøkkelrolle i omstillinga til eit grønare og meir berekraftig samfunn.
Partane si rolle i arbeidet for ei rettferdig omstilling
Arbeidet med klimapolitikken og vurdering av klimatiltak må skje i samarbeid med fagrørsla, gjennom treparts- og topartssamarbeidet sentralt og lokalt.
– Overgangen til lågutsleppssamfunnet må skje på ein rettferdig måte, og må ta omsyn til fordelingsverknadane og ikkje skape større ulikskap, seier Unio-leiaren.

Dette er ein viktig føresetnad for å skape legitimitet for klimatiltak og lukkast med det grøne skiftet. Det betyr at medverknaden må vere eit berande prinsipp i klima og berekraftspolitikken.
Viktig for heile samfunnet
Klima og berekraft er ikkje berre viktig for oss som ein av arbeidslivets partar. Dette er også viktig for oss som samfunnsaktørar, og som deltakarar i det offentlege ordskiftet.
Klima og berekraft handlar ikkje berre om arbeidsplassane våre og om arbeidskvardagen vår. Det handlar om framtida til våre barn og barnebarn.
Unios klimakonferanse er eit bidrag til dette.



