Kast ikkje barnet ut med badevatnet

– Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) har hatt fleire positive effektar for høgare utdanning. Ei endring i rammeverket må ta vare på det som fungerer. Vi må rett og slett ikkje kaste barnet ut med badevatnet.

Dette uttalar Unio-leiar Ragnhild Lied etter Unios frukostseminar fredag morgon, der utgangspunktet var tilrådingane i NOKUT-rapporten «Kvalifikasjonar på ramme alvor».

Seminaret hadde fokus på dei nivåa i rammeverket som omfattar høgare utdanning, og saman med UHR, NSO og NOKUT gjekk Unio nærare inn på denne delen av evalueringa. Over 170 personar fann vegen til seminaret, enten fysisk eller på strømminga.

Her kan du sjå opptak av seminaret:


I rapporten tilrår NOKUT at departementet vurderer om rammeverket har for mange føremål, og tilrår også at departementet kan vurdere om rammeverket kan opnast for høgare yrkesfagleg utdanning over nivå 5.

– Eg er samd i at føremålet må spissast, og eg vil påstå at rammeverket ikkje har fungert som føremål for livslang læring, seier Lied.

– Læringsutbyteskildringar som ligg i NKR, har hatt stor positiv verknad på kvaliteten og heilskapen i utdanningane ved universiteta og høgskulane. Dette må vi ta vare på, uttalar Lied.

Ho påpeiker at NKR også har vore viktig for internasjonal mobilitet og internasjonalt samarbeid.

– Internasjonalt samarbeid krev at vi har kjennskap til utdanningssystema, og ikkje minst tillit til kvaliteten i utdanningane. Men her kan vi kanskje sjå om det er noko vi kan gjere endå betre framover.

Unio-leiaren vil sterkt åtvare departementet mot å følgje opp tilrådingane stykkevis og delt.

– Vi treng ein heilskapleg debatt og gjennomgang av systemet. Skrur vi på ein del av rammeverket, vil dette påverke fleire andre delar.

– Sjølv om NOKUT har levert eit solid kunnskapsgrunnlag, må vi spørje oss om alle konsekvensar av moglege endringar fullt ut er vurdert. Eg vil tilrå departementet at dei no lagar ei grundig konsekvensutgreiing av moglege endringar.

– Sist, men ikkje minst, må departementet legge godt til rette for involvering og samarbeid mellom dei relevante aktørane i høgare utdanning. Vi høyrde på seminaret i dag at KD ikkje har kome langt i oppfølginga av NOKUT-rapporten, men ein riktig stad å starte er å lytte til dei med skoa på, avsluttar Ragnhild Lied.