Ingen snarveg til høgare utdanning, kompetanse og kvalitet

Verdien av forsking og høgare utdanning, krav om betre arbeidsvilkår, høgare lønn og ny arbeidsmiljøpolitikk var tema då Unio-leiar Ragnhild Lied opna Unio-konferansen på Sundvolden Hotel.

Lied viste til at høgare utdanning er under press og til profesjonsmeldinga som regjeringa har varsla.

– Stemmer har tatt til orde for å senke utdanningskrav. Viss krava til høgare utdanning til profesjonsutdanningane blir utfordra, lovar vi beinhard politisk kamp. Det finst ikkje snarvegar til denne kompetansen, slik somme trur, sa Unio-leiar Ragnhild Lied og la til at Unio ikkje firer ein tomme på kravet om høgare utdanning, om kvalitet i utdanningane og om at høgare utdanning skal vere forskingsbasert.

Kunnskap som konkurransefortrinn

Lied viste til at høgare utdanning har vore eit av dei viktigaste utjamnande tiltaka i heile etterkrigstida og at Lånekassa har gitt tusenvis av unge sjansen til å ta fatt på «klassereisa».

– Heile samfunnet vårt har nytt godt av denne investeringa. Ikkje minst har det komme det norske næringslivet til gode. Kvart år forsyner fellesskapet bedrifter med den nyaste og beste, forskingsbaserte kunnskapen vi har. Dette er eit viktig konkurransefortrinn for norsk næringsliv, sa Lied.

Lied trakk fram at regjeringa ikkje investerer nok for å sikre folk der vi treng dei mest.

– Det nyttar lite med fleire studieplassar i politiutdanninga, viss det ikkje finst pengar til å tilsette dei i jobb etterpå. Det hjelper heller ikkje med å utdanne fleire sjukepleiarar, viss dei sluttar i jobben på grunn av dårlege lønns- og arbeidsvilkår. Det er bra å lovfeste at fast tilsette lærarar må ha lærarutdanning. Det skulle forresten berre mangle. Men det er ikkje nok til å gjere læraryrket verkeleg attraktivt, sa Lied.

Forsking som samfunnsberedskap og forsikring

– Forsking er kunnskap og innsikt. Det er også samfunnsberedskap. Det er forsikring. Eller for å låne eit sitat av Burner og Talmo: «Når huset brenn ned, er det kjedelig å ha droppa boligforsikringa.», sa Lied og viste til at det av og til kan verke som regjeringa har gløymt å betale forsikringspremien.

– Forsikringspremien er å lytte til Unio og medlemsforbunda på viktige samfunnsområde – ikkje minst innan utdanning og forsking, helsepolitikk og politi og samfunnstryggleik, sa Lied.

Lønna må opp

Unio-leiar Ragnhild Lied opna idag Unio-konferansen på Sundvolden hotell. Foto: Helene Moe SlinningUnio-leiaren viste også i talen sin til at Unio har lagt bak seg nokre tøffe tariffpolitiske år der og bruk av makt har vore naudsynt.

– Makt er ikkje noko ein får, makt er noko ein må skaffe seg. Våge å bruke. Det var denne kombinasjonen – argument og makt – som medverka til at vi i Unio, greidde å slå eit bitte lite hol i frontfagsramma i årets oppgjer i nokre tariffområde, sa Lied.

– Slik frontfagsmodellen har fungert, har modellen hemma behovet for å rekrutterere og behalde kompetent for arbeidskraft på viktige samfunnsområde. Unio skal halde fram kampen for å løfte lønna til medlemmene våre. Våre medlemmer merkar også dyrtida. Lønna må opp, sa Lied.

Betre arbeidsvilkår og arbeidsmiljø

Unio-leiaren kom også med ei klår melding til regjeringa om pensjon og viktigheita av betre arbeidsvilkår og eit betre arbeidsmiljø.

– Den nye arbeidsministeren har gått hardt ut. Meldingane er ikkje til å misforstå: arbeidslina skal vitaliserast og pensjonsalderen skal opp. Dette er to sider av same sak. Fleire skal arbeide lenger. Men ministeren må ikkje gløyme at ho må ha folk med seg, sa Lied.

– Det første steget må difor vere ei «storreingjering» når det gjeld arbeidsvilkår og arbeidsmiljø. Det er Ikkje nok å krevje høgare pensjonsalder – belastningane må også ned, sa Unio-leiaren og viste til at det i morgon kjem ein heilt ny forskingsrapport frå SINTEF om emosjonelle krav i yrker som jobber med menneske.

Samarbeid, kunnskap og dialog

Unio har ved fleire høve tatt til orde for eit betre og meir systematisk samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

– Eit samarbeid mellom sektorane må bygge på gjensidig respekt og forståing – ikkje minst fordi begge sektorar skaper verdiar, sa Unio-leiaren.

 

Her kan du sjå Ragnhild Lieds tale: