Har vi råd til å spare på forskingsbudsjetta?

På forskingspolitisk seminar i 2022 spurte Forskarforbundet om vi har råd til å forske. Spørsmålet vart følgd av eit anna, vel så viktig spørsmål: Har vi råd til å la vere?

– For nokre dagar sidan kunne vi lese at forskarar ved fire institusjonar får tildelt millionar til banebrytande forsking frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Dette er gledelege nyheiter og eit kvalitetsteikn for norsk forsking, skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i Dagens Perspektiv.

Meir forsking

Det er likevel eit mørkt bakteppe som pregar forskingsbehova. For aldri har vi trengt meir forsking på livsviktige område som helse, miljø, demokrati og beredskap, og aldri har forskingsbasert kunnskap vore meir pressa av alternative «sanningar» frå forståsegpåarar.

– Samtidig har politikarar og andre dårleg tid, dei vil ha raske svar på her-og-no utfordringar. Forståinga for den langsiktige grunnforskinga, som skal sikre oss kunnskap vi enno ikkje veit at vi treng, blir mindre og mindre, skriv Lied.

Samfunnsberedskap

Unio er krystallklar på at forsking er samfunnsberedskap. Det handlar om å få kunnskap på viktige område, men det handlar ikkje minst om å ha tillit til kunnskapen.

Forsking er samfunnsberedskap, skriv Unio-leiaren.

– For nokre veker sidan las eg i Aftenposten om ein forskingssjukepleiar som kunne sette den første vaksinedosen mot fugleinfluensa på ein testperson. Det som slo meg, var kor lang tid forskarane hadde brukt på å utvikle denne første (og norskutvikla som einaste i heile verda) vaksinen, skriv Lied i Dagens Perspektiv.

– I 13 år hadde ulike forskingsteam jobba fram mot dette målet. 13 år er – i dei aller fleste tilfella – lang tid. Grunnforsking kostar tid og pengar. Men vi må spørje: har vi råd til å la vere?, spør Lied.

Finansiering og faste stillingar

Kva skjer om dei spesielt interesserte og dedikerte forskarane må bruke mykje av tida si på søknadar? Kor blir motivasjonen av, om dei ikkje veit om dei kan halde fram med forskinga si om eit år eller to, anten fordi det ikkje finst pengar, eller fordi den mellombelse stillinga aldri blei noko anna enn akkurat det, mellombels.

– Vi risikerer å miste kunnskapsprodusentane våre. Berre ein av tre unge forskarar, og berre ein av fem postdoktorar, vil anbefale andre unge å starte ei forskarkarriere. Ein av tre vitskapeleg tilsette vurderer å slutte i akademia. Berre ein av ti mellombelse tilsette trur det er sannsynleg å få fast jobb i akademia.

– Mister vi forskarkompetansen vår i akademia, fell mykje av grunnmuren i kunnskapssamfunnet vårt bort. Den grunnmuren tar det tid å bygge opp att. Difor er svaret på spørsmålet eg innleia med, enkelt. Nei – vi har ikkje råd til å la vere, skriv Lied i Dagens Perspektiv.