– Kampen for å løfte lønna til dei med høgare utdanning i offentleg sektor er også ein likelønnskamp. Og når frontfaget blir ein fasit, sementerer det lønnsforskjellane.
Det skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i ein kronikk i Dagens Næringsliv i dag i samband med Likelønnsdagen.
– I Danmark var statsminister Mette Fredriksen sin lovnad om ein pott på 3 milliardar kroner til offentlege tilsette ein valvinnar. På Island deltar statsministeren heilhjarta i storstreiken for likelønn. Og i Norge? Her står likelønnskampen i stampe, skriv Lied.
Likelønnsdagen markerer at menn i snitt allereie har tent ei gjennomsnittleg kvinnelønn. Difor seier vi at Likelønnsdagen er eit symbol på at kvinner frå i dag jobbar gratis ut året. Det generelle likelønsgapet er på 12,4 prosent. Men det er endå større for dei med høgare utdanning.
– Det er eit likestillingsparadoks at fleire kvinner enn menn tar høgare utdanning, men dei tener likevel ikkje betre enn menn. Ofte er det faktisk tvert i mot, skriv Lied.
Likelønsgapet endrar seg ikkje til trass i åtvaring frå forskarar, politiske kommentatorar og fagrørsla. Frustrasjonen kjem ikkje minst fram i tariffoppgjera. Ein Unio-streik i 2021 og ein lærarstreik i 2022 gjorde ikkje likelønnsgapet mindre. Tvert om. I år er likelønnsgapet nokre prosentpoeng større enn i fjor.
– Løysinga krev handling frå politikarar og det krev noko av oss – partane i arbeidslivet. Tunge aktørar kan ikkje berre seie nei, men erkjenne at dette er eit samfunnsproblem vi må stå saman om å løyse, sluttar Ragnhild Lied sin kronikk med.
Du kan lese heile kronikken i papirutgåva av Dagens Næringsliv eller digitalt her