– Vi må våge å bruke makt

Unio-leiar Ragnhild Lied helste i går landsmøte i Utdanningsforbundet. I talen trakk ho ikkje berre fram viktigheita av høgare utdanning, fellesskap og fagorganisering. Ho viste også til nødvendigheita av maktbruk – og åtvara mot at høgare utdanning er under press.

– Fellesskap og fagorganisering gjev styrke. Slik er det for Utdanningsforbundet. Og slik er det for Unio, sa Lied.

– Saman skal vi ivareta medlemsinteresser og samfunnsinteresser både ved å bruke faglege argument, bygge tillit og gjennom alliansar. Men også gjennom å bruke makt. Makt er ikkje noko ein får, makt er noko ein må skaffe seg, noko ein må våge å bruke, sa Unio-leiaren.

Kompetanse, konkurranseevne og lønn

Dette medverka til at Unio greidde å slå eit bitte lite hol i frontfagsramma i årets oppgjer i kommunesektoren. Samstundes viste ho til motstand frå LO og NHO som i årevis har mislikt Unio sin kritikk mot ein frontfagsmodell som blir brukt for å halde lønne til utdanningsgruppene i offentleg sektor nede.

Ragnhild Lied på talarstolen.

– Dei argumenterer med at industrien skal bestemme. Fordi det handlar om landet si konkurranseevne. Ja, den er viktig! Men kva med konkurranseevna viss utdanningssektoren- frå barnehage til universitet blir svekka? Kva med velferda viss utdanning og helse blir tappa for kompetanse?, spurte Lied.

– Når næringslivet treng kompetanse bruker ein lønn for å berge konkurranseevna. Når offentleg sektor treng kompetanse er argumentet at meir lønn øydelegg konkurranseevna. Dette held ikkje!, sa Lied.

– Difor er lønnskampen vår og kritikken mot måten frontfagsmodellen blir praktisert på ikkje berre kamp for lønn for utdanning og kompetanse – det er ein kamp for velferd, kvalitet og fellesskap, sa Lied.

Høgare utdanning under press

Unio-leiaren åtvara mot å svekke verdien av høgare utdanning. Ho viste til at fagskulane er på frammarsj og at dei gir viktig vidareutdanning for mange fagarbeidarar. Men no har dei appetitt på å utdanne nye grupper.

– Enkelte tar til orde for at ei fagskuleutdanning skal bli ein snarveg til bachelorgrad, og vil utdanne fagarbeidarar til barnehagelærarar og andre profesjonsgrupper på bachelornivå. Vi må passe på – vi må framheve verdien av høgare utdanning, og at barnhagelærarane skal ha ei forskingsbasert utdanning!, sa Lied.

Unio-leiaren avslutta med å takke den avtroppande leiartrioen i Utdanningsforbundet og med ønske om godt samarbeid med ny leiing i Utdanningsforbundet.

Les også Gratulerer Geir Røssvoll som ny leiar i Utdanningsforbundet