Unio-leiar Ragnhild Lied helste i går landsmøtet i Norsk Sykepleierforbund (NSF). I talen viste ho til at NSF sidan stiftinga i 1912 har vakse fram til å bli ei mektig og dominerande kraft, både i helsevesenet og i helsepolitikken
– Alltid med stoltheit, tydelegheit og alltid – alltid med faget i front. Eit sterkt helsevesen er heilt avhengig av de sjukepleiarar og den kunnskapen de sit på, sa Unio-leiar Ragnhild Lied.
Samfunnsinteresser og maktbruk
Lied viste til at Unio og NSF saman skal ivareta medlemsinteresser og samfunnsinteresser både ved å bruke faglege argument, ved å bygge tillit og gjennom alliansar. Men også gjennom å bruke makt.
– Makt er ikkje noko ein får, makt er noko ein må skaffe seg, noko ein må våge å bruke, sa Unio-leiaren
Ho viste til at det var denne kombinasjonen – argument og makt – som medverka til at Unio greidde å slå eit bitte lite hol i frontfagsramma i årets oppgjer i nokre tariffområde. Men kampen er ikkje over.
Kamp for utdanning, velferd og likelønn
Frontfagskameratane i LO og NHO misliker sterkt Unio sin kritikk mot ein frontfagsmodell som blir brukt for å halde lønna til utdanningsgruppene i offentleg sektor nede.
– Dei argumenterer med at industrien skal bestemme. Fordi det handlar om landet si konkurranseevne. Ja, den er viktig! Men kva med konkurranseevna viss helsesektoren blir svekka? Når næringslivet treng kompetanse bruker ein lønn for å berge konkurranseevna. Når offentleg sektor treng kompetanse er argumentet at meir lønn øydelegg konkurranseevna. Dette held ikkje!, sa Lied.
– Difor er lønnskampen vår og kritikken mot måten frontfagsmodellen blir praktisert på, ikkje berre ein kamp for lønn for utdanning og kompetanse og likelønn – det er også ein kamp for velferd og fellesskap og for kvalitet i helsesektoren, sa Lied.
Høgare utdanning under press
Unio-leiaren åtvara mot å svekke verdien av høgare utdanning. Ho viste til at fagskulane gjev viktig vidareutdanning for mange fagarbeidarar.
– Men somme tar no til orde for at ei fagskuleutdanning skal bli ein snarveg til bachelorgrad, og vil utdanne fagarbeidarar til sjukepleiarar og andre profesjonsgrupper. Vi må passe på – vi må framheve verdien av høgare utdanning – og at sjukepleiarane skal ha ei forskingsbasert utdanning!, sa Lied.
Viktig del av totalberedskapen
Unio-leiaren viste også til kor viktig sjukepleiarane er for norsk totalberedskap.
–De er også heilt avgjerande for totalberedskapen i Noreg. Det blei ikkje minst synleg under pandemien. Men no er det i tillegg heilt andre trusler vi står ovanfor, sa Lied og viste til uttaler om viktigheten av eit sterkt helsevesen frå forsvarssjefen og totalberedskapskommisjonen.
– Både velferdsstaten, helsevesenet og framtidas beredskap er heilt avhengig av at det er nok sjukepleiarar på jobb, sa Lied

Godt samarbeid
NSF har vore ein heilt sentral del av Unio heilt sidan stiftinga i 2021, består idag av nesten 130.000 medlemmar og er det nest største forbundet i Unio.
– Eg vil takke både Lill og NSF for eit godt og inspirerande samarbeid, sa Lied. Ho avslutta med ein særskilt takk til avtroppande nestleiar, Silje Naustvik, som dei 4 siste åra også har vore nestleiar i Unio.