– Utgjer ein forskjell i folk sine liv

Unio-leder Ragnhild Lied heldt i dag ei helsingstale til Ergoterapeutane på deira landsmøte på Gardermoen.

I meir enn 70 år har Norsk Ergoterapeutforbund vore det naturlege fagforbundet for ergoterapeutar.

– De er både ei tydeleg fagforeining og ein tydeleg profesjonsorganisasjon. Det betyr at de, i tillegg til å vere opptatt av medlemmene sine lønns- og arbeidsvilkår, også er opptatt av å synleggjere og å utvikle  dei tenestene medlemmene dykkar bidrar med overfor pasientar og brukarar, sa Unio-leiaren.

– To tydelege utfordringar vi, som partar i arbeidslivet, stadig blir møtt med, er at vi har ikkje nok folk til å ivareta alle oppgåvene innanfor helse- og omsorg i åra framover, og vi har for mange som kunne deltatt i arbeidslivet, men som likevel står utanfor. På begge desse områda har de, som ergoterapeutar, mykje å bidra med, sa Lied og viste til at ergoterapeutane gjennom kartlegging, forenkling og tilpasning skapar motivasjon og meistring i folk sine liv.

Navet i eit meir berekraftig helsevesen

Unio-leiaren framheva korleis ergoterapeatane er med på å sette pasientar og brukarar istand til å ta kontrollen over eige liv.

– I det ligg det ikkje berre ein enorm helsegevinst. Det dempar også behovet for meir langvarige og ressurskrevjande helsetenester. Ergoterapeutane som profesjon er i så måte sjølve navet i eit meir berekraftig helsevesen og nøkkelen til at fleire kan delta i både arbeidslivet og kvardagslivet, sa Lied

– Det er ingen tvil om at de utgjer ein forskjell i folk sine liv. Kvar dag. Dette burde politikarar og arbeidsgivarar i større grad ta inn over seg og ta konsekvensane av ved å satse meir på desse tenestene, bruke ergoterapeutane og dykkar kompetanse i større grad, sa Lied.

Godt samarbeid

Lied takka både Ergoterapeutane og forbundsleiar Tove Holst Skyer for eit godt samarbeid.

– De sørger for at førebygging, habilitering, rehabilitering og helsefremjande arbeid til ei kvar tid står på prioriteringslista til Unio. Det gjer Unio til ein meir truverdig, mangfaldig og slagkraftig organisasjon, sa Lied og ønskte lukke til med landsmøtet.

Her kan du sjå Ragnhild Lied si helsingstale:

Her kan du lese meir om og følgje landsmøtet til Norsk Ergoterapeutforbund direkte