Unio-leiar Ragnhild Lied og leiar i Unio-studentane, Kristoffer Andreas Haugen, er samde: – Ei auke på 3,8 prosent i studiestøtta er inga auke. Det er berre ei justering av prisvekst, og gir ikkje studentane meir i lommeboka.
No meiner begge at det begynner å bli kritisk for studentane, og at det er på høg tid å auke studiestøtta til 1,5 G. Studiestøtta er ikkje til å leve av, understrekar dei.
– Vi ser ei utvikling der stadig fleire unge jobbar meir enn godt er ved sidan av studiane. Ei fersk undersøking viser også at færre unge ønsker å ta høgare utdanning. Med rekordstor etterspørsel etter høgt utdanna arbeidskraft, er dette ei skummel utvikling, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.
Studiestøtta gjennom Statens lånekasse har vore det viktigaste utjamnande tiltaket i høgare utdanning i heile etterkrigstida. Støtta har medverka til at høgare utdanning har vore tilgjengeleg for alle, uansett kva for bakgrunn dei har.
– Eg er redd denne utjamnande innsatsen er i fare, seier Lied.
På tide å gå frå ord til handling
Leiar i Unio-studentane minner partia på Stortinget om ambisjonane dei sjølve har sett i partiprogramma. Høgre vil auke studiestøtta utover pris- og lønnsvekst, Arbeiderpartiet vil legge til rette for heiltidsstudentar, og Senterpartiet vil styrke studentanes kjøpekraft. Lengst og mest konkret går SV, dei vil auke studiestøtta til 2G.
– No set vi vår lit til at partia på Stortinget kjenner si besøkelsestid, seier leiar Kristoffer Andreas Haugen i Unio-studentane.
– Vi forventar at dei etterlever sine eigne partiprogram og sikrar at studentar kan leve av studiestøtta.
Unio meiner eit mål om 2G er flott, men at ein god start mot målet vil vere å auke støtta til 1,5 G allereie frå neste år.
– Vi har merka oss at dette også er eit klart krav frå Norsk Studentorganisasjon (NSO). Det er med andre ord eit samla krav frå alle studentar om at studiestøtta må knytast til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, seier Kristoffer Andreas Haugen.
Ikkje haldbart å samanlikne budsjetta med 2019
Høgare utdannings- og forskingsminister Sandra Borch hevdar at budsjettet for hennar departement er heva samanlikna med budsjettet for 2019.
– Ei slik samanlikning er i beste fall søkt, uttalar Lied.
– I 2019 hadde ingen høyrd om korona, massevaksinering og auka i psykiske vanskar som følgje av nedstigninga. Ingen ante at tusenvis av menneske måtte flykte frå heimane sine på grunn av krig i Europa. Og renta var dessutan langt lågare enn i dag. No må vi halde oss til realitetane i 2024, og ikkje drøyme oss bort til det som eingong var, avsluttar Ragnhild Lied.